Hopp til innhold

Grantre sperra riksveg 5

Fleire tre bles over riksveg 5 i Bøyadalen ved Fjærland i ettermiddag, og stengde vegen.

Grantre sperrar vegen.
Foto: Lisbeth Vedaa

Ivar Kjøs var ein av bilistane som vart hindra av grantrea.

- Det var tre store grantre som hadde knekt i den sterke sidevinden.

Kjøs har vinsj på bilen, og fekk  vinsja bort trea slik at dei minste bilane kunne passere.

Riksveg 5 vart stengd inntil Mesta fekk rydda vegbana.

Riksveg 13 like utanfor Vik sentrum i retning Vagsnes var også stengd ein kort periode etter at stein og tre sperra vegen. Denne vegen vart opna igjen i halv seks-tida.