- Dooria sin fabrikk vil vere ein svært viktig del av omstillingsprosessen i Årdal. Fabrikken vil gje arbeid til eit stort tal personar som ikkje lenger frå jobbe hos Hydro når aluminiumsproduksjonen vert trappa ned frå neste år. Fabrikken vil vere eit viktig bidrag til å oppretthalde næringsverksemd i kommunen, seier Steinar Olsen, styreleiar i Innovasjon Norge.
Kritiske røyster
Etableringa av ein dørfabrikk i Årdal vil i første omgang gje rundt 60 nye arbeidsplassar. Tysdag vart det kjent at styret i Innovasjon Norge på forrige styremøte stilte fleire kritiske spørsmål til etableringa. Fylkesordførar Nils R. Sandal har den siste tida jobba intenst med å påverke styret for å sikre arbeidsplassane.
Styret snudde
Men dei kritiske røystene er no tydlegvis borte, og årdølene kan juble over eit kjempebidrag til næringslivet i kommunen. Styret har gitt 30 millionar kroner i lån og 13 millionar kroner i investerings- og bedriftsutviklingstilskot til Dooria. Styret sa også ja til eit lån på 30 millionar kroner i lån og seks millionar kroner i tilskot til eit eventuelt selskap som eige sjølve fabrikkbygningane. Dette selskapet skal eigast at det statlege eigedomsselskapet SIVA.
Årdal best
Dooria-konsernet planlegg å investere i alt 100 millionar kroner i maskiner og opplæring. I tillegg til pengane frå Innovasjon Norge, bidreg også Hydro og konsernet sjølv.
- Dooria har også vurdert å plassere fabrikken i Sverige eller Finlad, men dei ser på Årdal som den beste staden på grunn av tilgjengeleg kunnskap og god tilgang til underleverandørar, forklarar Olsen.
- Viktig steg
- Dagens vedtak var eit viktig steg mot realisering av fabrikken i Årdal. Dette var ein viktig milepæl, seier konsernsjef i Dooria, Knut Løvdal.
Om alt går etter planen reknar han med å tilsetje dei første arbeidarane mot slutten av 2006. Men Løvdal understrekar at planane først skal godkjennast av både styre og generalforsamling i selskapet. I tillegg ventar dei på viktige avklaringar hos både SIVA og Hydro.