11.02.2012

Kjell Arvid Stølen

Kjell Arvid Stølen (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

Kjell Arvid er fødd 1950, Naddvik i Årdal. Kjell Arvid er ein av veteranane på huset. Han vart tilsett i 1979, same året som Sogn og Fjordane fekk eige distriktskontor. Han byrja som journalist i Sogn Dagblad i 1972, og arbeidde to år i Bergens Arbeiderblad før han vart stipendiat i NRK i 1978.

Kjell Arvid er av dei solide bjelkane i kontoret vårt, som har vore borti det meste og står for kontinuiteten i redaksjonen. Han er sterkt engasjert i godt språk og prøver å skjerpe oss rett som det er.

Han er nettsansvarleg for Fylkesleksikonet og arbeider med å oppdatere nettversjonen med foto og tekst.

Send e-post til Kjell Arvid Stølen

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Tilsette ved NRK Sogn og Fjordane