Men dette er ikkje staden for å kvile på laurbæra, målsettinga er å vere fyrst og best kvar dag på nyhende i og frå Sogn og Fjordane. Gårdagen er historie og dagen i dag har blanke ark.
Seks timar radio dagleg
Vi lagar kring seks timar lokalradio og 25 minutt distriktsfjernsyn dagleg, forutan nyhende på Internett og tekst-TV. I NRK Sogn og Fjordane er det folk på jobb frå 0500-2200 kvar yrkedag, og det arbeider om lag 40 personar fordelt på hovudkontoret i Førde og lokalkontora i Sogndal og Måløy.
Vi har lange tradisjonar for å sende ekstra når det skjer ulukker, eller krisesituasjonar og uver gjer det naudsynt å halde folk orienterte.
Det er også vi som dekkjer Sogn og Fjordane på riksnettet for NRK.Vi har svært mange saker på Dagsnytt og i Dagsrevyen, dei mest høyrde og sette nyhendesendingane i landet.
Nyhende er berebjelken
Nyhende er den viktigaste merkevara vår – der skal vi vere fyrst og best, alt anna er eit nederlag. Med totalt seksten nyhendesendingar for dagen i radio og fjernsyn må dei som jobbar her lære seg å arbeide raskt og presist og kunne uttrykke seg kort og tydeleg. Nyhenda er berebjelken i sendingane våre, men ein god lokalradio må òg ha rom for samtaleprogram, debattar, musikkprogram og konkurransar. Ståstaden vår er Sogn og Fjordane, og oppdraget vårt er er å lage god lokalradio og godt distriktsfjernsyn for dette fylket, og å dekke det skikkeleg på riksnettet for NRK. Den oppgåva tek vi alvorleg. Du kan hjelpe oss med å tipse oss på telefon 57 72 42 42. (Sjå )
Vestlandsrevyen
NRK-kontora i Førde og Bergen samarbeider om å lage Vestlandsrevyen kl 1840 og og kl 2055.
Vi var pionerar på distriktsfjernsyn her i landet, med sendestart så tidleg som i 1991. Ein del av det vi sender i Vestlandsrevyen kjem også i Dagsrevyen, Norge i dag eller Norge Rundt. I fjernsynet lagar NRK Sogn og Fjordane elles program på nynorsk for ungar, naturprogram og program frå folke- og næringsliv i fylket.
Internett
NRK Sogn og Fjordane var saman med NRK Finnmark fyrst i NRK med nyhende på Internett, i 1996. Vi gjorde det for å nå ungdomen og dei utflytte. Det vart eit ”brev heimanfrå” for mange, og etterkvart som bruken av Internett nådde alle aldergrupper, har bruken av nettsidene våre berre auka – år for år. Vi har dei mest brukte lokale internettsidene i Sogn og Fjordane, og vi har flest sidevisingar av alle distriktskontor. Forutan på Internett finn du også lokalt nytt på side 450 på tekst-tv.
Måla våre
Når du slær på NRK P1 skal du høyre at det er NRK Sogn og Fjordane du lyttar på. Lokale nyhende, dialektar og folk skal prege sendingane. Vi er det fremste nynorskkontoret i NRK, og har rekruttert og lært opp mange nynorskbrukande journalistar.