Hundrevis av radiolyttarar og Luttjuryen plukka ut Eva Weel Skram som vinnar av Luttprisen 2006. Prisen er NRK Sogn og Fjordane si kåring av den beste artisten frå fylket.
Prisen vart delt ut i NRK Sogn og Fjordane si føremiddagsending 2. januar. Konkurransen var hard, og hundrevis av lyttarar har stemt på sine favorittar. Juryen har lagt dette til grunn når vinnaren vart plukka ut.
Stolte av Eva
Eva Weel Skram gav i 2006 ut si første plate. Der laga ho nærast all musikk og tekst sjølv. Denne har også lagt til grunn når ho vart vinnar av Luttprisen.
- Vi ønskjer å gratulere Eva. Dette har ho fortent. Ho er ein ung og dyktig artist som vi er stolte av, seier programleiarane for Lutt, Stian Sjursen og Stein Aase.
Ønskjer å inspirere
- Vårt ønske med å dele ut ein slik pris, er å sette fokus på all den gode lokalmusikken som vert laga av artistar frå Sogn og Fjordane. Vi har lyst å lage ein arena der artistane kan får syne seg fram, og der vi kan inspirere andre til å satse på musikk. Prisen er heider, ære og eit flott kunstverk frå ein lokal kunstnar.
Dei nominerte
LUTT er NRK Sogn og Fjordane sitt musikkprogram som berre speler lokalmusikk frå Sogn og Fjordane. Programleiarane Stian Sjursen og Stein Aase leiar Lutt den første tysdagen kvar månad.
Desse var nominerte: Olav Stedje, Spik Adel, Thea Hjelmeland, The School, Eva Weel Skram, Tone Damli Aaberge, Steinar Engelbrektson Band, Synnøve Bjørset, Isak Søraa, Kruttrøyk, Håvard Lothe, The Foggy Few, Anette Gil, Tore Nesbakk bluesband, Todd, Høgemo/Moldestad, Unni og Oline Løvlid og Spindel.
Dette var juryen si grunngjeving:
"Artisten har heilt sidan ho var liten vore musikkinteressert. Ho har vakse opp i ein musikalsk familie. I heimbygda skjønte dei fort at dette var ei jente med stort talent!
I 2005 kom ho langt i ein stor nasjonal talentkonkurranse, og i 2006 laga ho og gav ut si første plate. For denne fekk ho gode meldingar i media, og gjorde seg bemerka i musikkfylket Sogn og Fjordane, så vel som i resten av landet. 21 åringen skriv det meste av tekst og melodi sjølv.
Draumen er å kunne jobbe med musikk livet ut! Ho har ei stemme som er godt over snittet av norske popstemmer. Mange av dei som har røysta på LUTTPRISEN 2006 har gjeve si stemme nettopp til denne jenta! No har sognejenta starta samarbeid med eit av dei største namna i norsk pop og rock. Ho skal nemleg på turne med Morten Abel."