Hopp til innhold

Promillekøyrar møtte full i retten

Tiltalt for to tilfelle av promillekøyring, møtte den 51 år gamle sogningen full i retten.

Retten
Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Sogningen måtte hentast til rettssalen av politiet, og saka kom først i gang tre timar forseinka.

- Har ikkje opplevd liknande

Politiadvokat Magnar Austerheim seier det er uvanleg at tiltalte møter fulle i retten.  

- Eg har ikkje opplevd noko liknande før i retten, seier Austerheim.

- Ifølgje rettsboka var forklaringa hans noko skiftande og ikkje heilt fullstendig. Var det forsvarleg å starte rettssaka?

- Eg meiner det var forsvarleg å gjennomføre rettssaka. Tiltalte gav også ei forklaring som samsvara med forklaringane han har gjeve til politiet tidlegare, seier politiadvokaten.

2,28 i promille

51-åringen var tiltalt for to tilfelle av promillekøyring. I fjor haust  køyrde han bil til butikken med minst 2,28 i promille. Sjølv hevda mannen at han berre hadde drukke eit par boksar øl på toalettet på handlesenteret etter at han hadde parkert. 

Mannen vart fråteken førarkortet, men det hindra han likevel ikkje å dra på ny handletur med bilen i januar i år. Då vart han oppdaga av ein politibetjent i ein annan sognekommune. Denne gongen vart promillen målt til 1,77. Og forklaringa var den same som nokre månader tidlegare: eit par boksar øl på toalettet i butikken etter at han hadde parkert.

Nektar alkoholproblem

Men Sogn Tingrett trudde ikkje på 51-åringen sidan to politibetjentar hadde sett mannen køyre bilen begge gongane, i tillegg til at dei registrerte at han var rusa.

Sogn Tingrett meiner 51-åringen har eit alkoholproblem då han også tidlegare er dømd for promillekøyring, i tillegg til at han møtte full i retten.

Promilleprogram

Sogn Tingrett dømde difor 51-åringen til fengsel i 45 dagar på vilkår og 10.000 kroner i bot. I tillegg mister han førarkortet i fire år. Han må og gjennom eit promilleprogram i regi av Kriminalomsorgen i Sogn og Fjordane.