Hopp til innhold

Hydro satsar 150 mill på Norsun

Hydro vil investere 150 millionar kroner i solenergifabrikken som Norsun skal reise i Årdal.

Årdalstangen
Foto: Atle Romøren

Det sa generaldirektør Eivind Reiten på eit energiseminar i Bergen i dag.

 

Konsernsjef i Hydro, Eivind Reiten
Foto: Arash A. Nejad / Scanpix

- Solenergi blir viktig

- Vi gjer det fordi vi trur at solenergi blir viktig for å dekke energiforbuket i framtida, og vi meiner prosjektet Norsun som Alf Bjørseth er med på er godt fundert, og vi vil vere med som ein del av vår energiutvikling og ta ein bit også i dette.

- Kor viktig er det for Hydro å ha fleire bein å stå på når det gjeld alternativ energi?

- Både svarte og kvite tangentar

- Det er veldig viktig, for det er ingen alternativ energiform som er ei løysing for framtida åleine.  Vi må spele på både svarte og kvite tangentar framover, og så får vi sjå kva område som utkrystalliserer seg, men dette er eit viktig nytt steg for oss.

Norsun set i gang bygging på Årdalstangen i desember og reknar med produksjonsstart med 60 tilsette om vel eitt år.

Fabrikken skal vere i full drift eitt år seinare, mot slutten av 2008.