Hopp til innhold

DNA-sjekkar bjørnespor

Ved hjelp av DNA-spor skal bio-ingeniørar slå fast om bjørnen som var i Sogn og Fjordane i sommar, er den same som har hatt tilhald i Skjåk-området.

Bjørnespor
Foto: Arne Eithun / NRK

Pelsdottar og avføring frå bjørnen er sendt til Svanhovd miljøsenter i Finnmark.

- Vi finn ut kva kjønn bjørnen har og så kan vi individbestemme dei ulike bjørnane, seier Siv Grete Bjervamoen som er avdelingsingeniør ved Svanhovd miljøsenter i Finnmark.

Sikra seg pels og avføring

Ho har gjort fleire hundre DNA-testar av bjørn, og ei av mange oppgåver ho har i haust er å forske på sauedreparen som vitja Sogn og Fjordane i sommar.

Bjervamoen seier dei har sikra seg pelsdottar og avføring frå bjørnen. Funn som vart gjort då rovdyret herja i Fjærland tidleg på sommaren. Frå før har dei teke ut avføring frå eit hi i Skjåk. Bjervamoen reknar med at dei no har nok til å få ut ein DNA-profil av bjørnen.

- Vi trur det er godt nok. Viss det er mykje hår, så reknar vi med at det er hårrøter med også, seier ho.

Gler seg til svaret

Resultata frå Svanhovd miljøsenter vil ikkje vere klare før mot slutten av februar neste år. Naturoppsynsmann Sverre Tveiten gler seg til svaret, for då kan ein endeleg få vite om den mykje omtalte bjørnen i sommar var den same som har hatt tilhald i Skjåk.

- Dette er ein god måte å få oversikt over bestanden på. Vi finn ut kva slags dyr som er i området og kor mange dyr det er, seier han.