Hopp til innhold

Politiet legg vekk saka - klarar ikkje å finne ut kven som stod bak rundballehærverk

Politiet gir opp å finne ut kven som i sommar kutta opp 12 av rundballane til bonde Anders Fretheim i Flåm.

Skadeverk på rundballar i Flåm

SKAR HOL: I løpet av ei augustnatt skar nokon hol på 12 av rundballane til Anders Fretheim.

Foto: Anders Fretheim

– Saka vart etterforska. Vi hadde kontakt både med grunneigar og nokon andre personar utan at det kom fram kven som stod bak dette, seier lensmann i Lærdal og Aurland, Per Thomas Klingenberg.

Anders Fretheim er bonden som har stått i bresjen for protestane mot cruisetrafikken i Flåm. Protestane vart sette i gang som eit svar på at kommunen sette ut to bøyer med grovt anker ved utløpet til ei nasjonal lakseelv, utan å søkje om løyve.

Saka gjekk landet rundt

Saman med andre plasserte han i sommar rundballar rundt om i bygda, med påskrift som signaliserte tydeleg misnøye med cruisetrafikken, samt at det vart hengt opp plakatar og banner med påskrifta «No cruiseships».

Saka fekk stor merksemd også nasjonalt, og mange meinte mykje om det som gjekk føre seg i turistbygda inst i Sognefjorden.

I byrjinga av august vakna Fretheim til at 12 av rundballane han hadde sett ut var skorne opp med ein skarp gjenstand. Han frykta då for at fôret, som han skulle ha til kyrne sine i vinter, var øydelagt.

Fretheim sa i sommar at 12 nye rundballar ville koste han bortimot 6.000 kroner, og valde til slutt å politimelde saka, etter at han hadde gitt syndaren nokre dagar på å melde seg sjølv.

Krevjande å finne svar

Klingenberg meiner det er lite tvil om at det er denne aktiviteten som har fått nokon til å reagere med å øydeleggje rundballane til Fretheim.

Lensmannen legg ikkje skjul på at det er krevjande å komme til botnar i denne type saker.

– Det er på ein måte det. Vi har etterlyst folk som eventuelt kunne ha opplysningar om dette. Men det har vi ikkje fått, så vi har ikkje komme lenger i saka, seier Klingenberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rundballeprotestane mot cruisenæringa vart i natt utsette for hærverk.

PROTEST: Rundballane vart sette opp for å protestere mot to bøyer ved utløpet til ei nasjonal lakseelv som vart sette opp utan løyve.

Foto: Anders Fretheim

Er skuffa over at ingen har meldt seg

Anders Fretheim er ikkje overraska over at saka vert lagt vekk.

– Nei, eg hadde for så vidt rekna med det. Eg har full forståing for det, seier Fretheim.

Han er derimot skuffa over at ikkje dei som har stått for ugjerninga har meldt seg.

– Ja, det er eg skuffa over, seier Fretheim.

Dei 12 rundballane som vart skorne hol på har Fretheim balla inn på nytt. Men om det har vore nok til å berge fôret, kan han førebels ikkje seie.

– Eg held på å ta inn kyrne frå utmarka no, så dei får teste foret. Set dei nasen i sky, så er det ikkje godt nok, seier Fretheim.

Har ingen planar om å gje seg

Han er klar på at han ikkje har tenkt å la seg kneble, og peikar på at ytringsfridomen framleis står sterkt i Norge.

– Dette botnar i dei ulovlege bøyene som dei nektar å fjerne. Det einaste som stoppar aksjonen vår er fjerning av bøyene, seier Fretheim.

Anders Fretheim i Flåm har stått i bresjen for cruiseprotestane.

GIR SEG IKKJE: Anders Fretheim er klar på at rundballeprotesten ikkje kjem til å slutte før bøyene i fjorden er vekk.

Foto: Ole Andre Rekkedal

Han vil ikkje akseptere ei lovleggjering av bøyene som allereie er utsette.

– Det kjem vi aldri til å akseptere. Vil dei ha vekk ballane, må dei ta vekk bøyene, seier Fretheim.

Han har ikkje planar om å gje seg, sjølv om det vert ein liten aksjonspause i månadane framover.

– No skal kyrne ha mat, så nå har eg bruk for ballane. Vi protesterer ikkje for protesten sin del. Dette er alvorleg for samfunnet vårt og går på trivselen laus, seier Fretheim.