Hopp til innhold

Cruiseprotestar utsette for hærverk: - Knebling av ytringsfridomen

Bonde Anders Fretheim syns det er trist at nokon prøver å kneble han og protestane mot cruisetrafikken ved å gjere hærverk på rundballane hans.

Rundballeprotestane mot cruisenæringa vart i natt utsette for hærverk.

HÆRVERK: I løpet av natta har nokon markert si misnøye med cruiseprotestane på rundballane til Anders Fretheim.

Foto: Anders Fretheim

– Ytringsfridomen har dårlege kår her. Dette er regelrett hærverk og knebling av ytringsfridomen, seier Anders Fretheim.

Han er bonden som har stått i bresjen for protestane mot cruisetrafikken i Flåm. Fleire stader rundt om i bygda har han og andre plassert rundballar og skriv om at dei ikkje vil ha mange store cruiseskip inn til den vesle bygda kvar dag.

At andre no protesterer mot deira synspunkt ved å skjære hol i 12 rundballar som skulle bli brukt som fôr til vinteren, syns han er trist.

– Når nokon skjærer opp rundballane, då har dei gått over ei grense.

Anders Fretheim i Flåm har stått i bresjen for cruiseprotestane.

FRUSTRERT: Anders Fretheim føler at nokon prøver å kneble han og protestane hans mot cruisetrafikken.

Foto: Ole Andre Rekkedal

– Blir knebla for meiningane våre

– Det er bygdedyret som er ute. Eg syns det er flott at vi har fått debatten om cruisetrafikk opp, men ein må skilje mellom sak og person. Hærverket er vel represaliar for meiningane våre, seier Fretheim.

Han fortel også at son deira opplevde at folk sa opp hyblar hjå han, på grunn av foreldra sine protestar mot cruisetrafikken.

– Han fekk fortelje foreldra sine at dette er verknaden av synspunkta deira, fortel Fretheim til NRK.

Ifølgje Fretheim er det også fleire i bygda som ikkje torer å henge opp ark med "No cruiseskips" eller "No gradni nava". Protestane seier han dei sette i gong som eit svar på at kommunen sette ut to bøyer med grovt anker ved utløpet til ei nasjonal lakseelv, utan å søkje om løyve.

– Det er den saka alt handlar om, og den er meld til politiet. All debatten som har dukka opp om cruisenæringa, med forureining, landstraum og tak på cruiseskip er bra. Eg er veldig glad for at heile debatten er komen opp på nasjonalt nivå, men saka om bøyene må ikkje gløymast, seier bonden.

Håpar syndarane står fram og dekkjer økonomisk tap

Han har inga aning om kven som står bak nattas ugjerningar, men håpar dei som har gjort det vil stå fram.

Det går tydeleg fram kva andre meiner om cruiseprotestane.

TAP: Bonden må kjøpe inn nye rundballar for å erstatte rundballane som gjekk tapt under nattas hærverk.

Foto: Anders Fretheim

– Eg vil krevje erstatning for dette, for fôret må erstattast. 12 nye rundballar vil koste minst 6000 kroner. Eg skal prøve å pakke inn igjen det øydelagde fôret, men eg veit ikkje korleis kvaliteten blir, seier bonden oppgitt.

Han har førebels ikkje teke stilling til om saka skal meldast til politiet.

– Eg håpar dei som har gjort det kjem og seier at det var dei. Eg skal ikkje legge dei for hat, men dei må skjøne at det er sak og ikkje person som skal diskuterast.