Hopp til innhold

Kommunen blir skulda for tafatt miljøhaldning til cruisenæringa

Aurland kommune må gjere meir for å sikre eit miljøvennleg reiseliv. Det er den klare oppmodinga frå Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Cruiseskipet Costa Magica i Flåm

MILJØ: Cruiseskipnæringa og Aurland kommune har fått mykje kritikk denne sommaren. Sist i rekkja kritiske røyster er styreleiaren i Nærøyfjorden verdsarvpark.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Kommunen har ei for tafatt haldning i høve cruisenæringa og kva krav ein skal stille til miljøvenleg utvikling i området. Ein må gå meir offensivt inn lokalt, seier styreleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark, Leif Inge Underdal.

Kritikken mot kommunen kjem som eit svar på ordførar Noralv Distad sine utsegner om at det er særs kostbart å legge til rette for landbasert straumforsyning til cruiseskipa, og at det ikkje let seg gjere. Ordføraren er også avvisande til kritikken frå verdsarvparken.

– Vi er opptekne av å legge til rette for miljøvenleg verksemd. Men, vi er også avhengige av samarbeid med andre hamner samt nasjonale og internasjonale vedtekter og tilrettelegging. Vi vil gjerne vere pådrivar for å få næringa meir miljøvenleg, svarar ordføraren.

Nestleiar Leif Inge Underdal i Nærøyfjorden Verdsarvpark

KRITISK: Styreleiar i Nærøyfjorden verdsarvpark, Leif Inge Underdal, meiner Aurland kommune er for passive i miljøpolitikken.

Foto: Birger Meland / NRK

Noregs framste ekspert på miljøvenleg landstraum meiner Distad tek heilt feil når han tidlegare har hevda at det ikkje let seg gjere for cruiseskip å kople seg til landstraum allereie i dag.

– Utstyret er jo tilgjengeleg. Vi burde kunne leggje til rette for dette i løpet av eitt års tid, sa Ragnar Gjørven til NRK tidlegare.

– Har sjansen til å bli verdsleiande

Cruisenæringa har vore i hardt vêr siste tida, med kritikk frå lokale innbyggjarar, og ekspertar som meiner at det næringa ikkje tek nok miljøansvar.

Verdsarvparken meiner det er på tide at Aurland set seg i førarsetet på miljøsida og får fortgang i arbeidet.

– Med våre reiselivsprodukt, naturkvalitetar og energiproduksjon med vasskraftnæringa, så kan vi ta ein leiande posisjon i høve utvikling i heile reiselivet, også i det konkrete tiltaket med landbasert straumforsyning av cruiseskip, seier Underdal.

Vil ha meir miljøtenking og færre skip

Han meiner ordføraren tek rolla som forsvarar av cruisenæringa, heller enn lokale interesser. Styreleiaren meiner ein må bry seg meir om miljøet og mindre om å få flest mogleg cruiseskip til området.

– Reiarlaga er ei moderne næring som innstiller seg på krav og raskt kan snu seg. Om gamle cruiseskip ikkje kan byggast om, så er det ein fordel at dei blir utrangert og nye kjem inn. Det vi kan vinne på å ha ein rein miljøvenleg profil både på cruise og andre område, det vil gje resultat i det lange løp. Å misse eit par cruiseskip er berre musepiss i havet, seier Underdal.

Ordføraren er klar på at kommunen si oppgåve er å legge til rette for eit best mogleg tilbod for cruisenæringa, på ein miljøvennleg måte. Han understrekar også at ein ikkje kan sjå vekk ifrå fakta, om at cruisenæringa er særs viktig for bygda.

Noralv Distad

PÅDRIVAR: Ordførar i Aurland, Noralv Distad er klar på at dei er og framleis ynskjer å vere ein pådrivar for miljøvenleg cruisetrafikk.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Aurland, av alle, vil vere interessert i å få landbasert straum til skip. Cruisetrafikken er ein viktig del av turismen i Flåm, som gjev gode inntekter til næringslivet og området. Vi må ta høgde for at det i framtida også vil vere betydeleg med cruisetrafikk, seier Distad.

Arbeidet med å legge til rette for landbasert straum har pågått i mange år, og ordføraren håpar ein snart kan investere i løysingar som legg til rette for det.

– I dag stiller vi dei miljøkrava som er naturlege ut ifrå dagens føresetnader, men vi jobbar gjerne fram ordningar med landbasert straum. Det vil gje kommunen gode inntekter, og mange til tene på det. Eg håpar det kjem på plass om ikkje så alt for lenge.