Kvar er dette ?

Publisert 20.03.2007 14:24. Oppdatert 17.12.2008 14:25.
- Skriv ut
Kvar er dette?
Veit du svaret, send e-post til vevvandring@nrk.no og vinn eit krus frå NRK Sogn og Fjordane. Hugs å skrive postadressa di!! (Det er vanskeleg å sende krus som vedlegg til e-post). Frist for innsending av svar er tysdag 23. desember klokka 12.00.
Oppgåver vi har hatt før:

Dette er Ortnevik kyrkje i Høyanger, bygd i 1925. Ein lesar har gjort ein interessant observasjon; kyrkja har tre gonger så mange sitjeplassar som det er innbuarar i Ortnevik (292 mot knapt 100). Gratulerer til vekas vinnar som er Idar Lønne frå Høyanger!

Førde ser ut som ein fredeleg liten stad på dette biletet frå 1937, men den gjorde allikevel inntrykk. Vekas vinnar beskriv det slik: "Eg var på speiderleir i Førde i 1948, det var lite med hus, men den flotte brua (som seinare vart riven og erstatta med ei ny) gjorde inntrykk på ein sogning." Krus kjem til deg, Anna G. Hamre frå Leikanger!

Denne gongen vil eg gjerne sitere vekas vinnar: "biletet er teke frå seterkvia på Vinsryggsetra med utsikt mot Stryn skisenter (i utgongpunktet er bildet altso frå Bergsida, Stryns beste vestkant)". Dette siste får han sjølvsagt stå inne for sjølv, men Stryn skisenter var det rette svaret denne gongen. Til høgre på biletet kan ein sjå fjellet Gryta, og heilt til venstre Bøasetra med det nye hyttefeltet. Gratulerer til Eivind Nedreberg frå Stryn!

Dette er frå vegen mellom Sletterust og Heirsnosi ("1000-meteren"). Vegen mellom Sletterust og Heirsnosi går jevnt over i 1000-meters høgd på utsida av vasskrafttunnellen i same høgd. Gamlevegen er eit kulturminne og går frå Øvre Årdal til Tyin. I bakgrunnen ser me Hurrungane. Krus kjem i posten til Daniel Fløtre frå Grimstad!

Biletet er henta frå Dragseidet på Stadlandet. I eldre tider vart båtane dregne over der når veret rundt Stad var dårleg. Vegen over er ca 5 km og høgst på 240 m.o.h. Vinnar av trekninga er Elin Gangsø frå Bergen, krus kjem i posten!

Spørsmålet denne gongen var kva dalen på biletet heiter, og til venstre attmed Styggebreen strekk Styggedalen seg innover. Fotografen har teke biletet eit godt stykke oppe i oppstiginga mot Fanaråken, og har hatt god sikt mot Tindane i Hurrungane. Vinnaran denne gongen heiter Edvin Raunehaug og kjem frå Kaupanger, gratulerer!

Dette biletet frå 1959 viser Florø, og ein kan sjå Bjelland Hermetikkfabrikk og Fiskarfagskulen, der Alderssenteret Havglytt står i dag. Amund Gimmestad frå Sandane vann trekninga, og kan vente seg eit krus i posten!

Svært mange visst at dette motivet var henta frå Gaularfjellsvegen. 70-årsjubilanten vart opna i 1938, og vi ser her ned mot Mel og Vetlefjorden. Vinnaren av trekninga er Magni Seim frå Vik i Sogn!

Denne gong var motivet henta frå Storenova, ved Eidsfjorden i Gulen kommune. Det visste Solbjørg Løvlid Nesdal frå Hornindal, og for det får ho eit krus!

Dette biletet viser Hermansverk i Leikanger kommune. Mange visste det, og vekas krus går til Svein Tore Sviggum i Bergen.

På den såkalla "Snøvegen" mellom Aurland og Lærdal vart det i 2006 opna eit utsiktspunkt kalla Stegastein. Dette ligg om lag 6 km frå Aurland, 640 meter over havet. Vinnaren av trekninga sprang ein gong over fjellet frå Lærdal til Aurland, og var rimelig daudkøyrt då han var komen til Stegastein. Han vil aldri gløyme den turen, ei heller utsikta frå Stegastein. Krus kjem i posten til Øystein Tveiten i Bergen!

Utstyrt med kameralinse fanga fotografen denne rosa stryningen då den låg til hamn i MÅLØY. I bakgrunnen kan ein sjå Deknepollen. Oppgåvemakaren er svært imponert over detaljkunnskapen hos dei som svarar, det er ein sann fryd å lesa svara. Vinnaren av trekninga er Kari Larsen frå Florø, gratulerer!

Denne gongen har fotografen hatt seg ein tur i bygda Løkkebø i Flora kommune. Fossen midt i biletet var mykje omtalt for ei tid sidan då to born sat skorfast der. Mottakaren av vinnarkruset denne veka er Tryggve Sortevik frå Svelgen!

Vidar Berstad frå Holmedal får krus for svaret sitt om at fotografen har teke bilete av Kjøsnesfjorden. Me ser innover mot Lunde. Gratulerer!

Denne gong var biletet frå Rikheim gard, ein stad som var bustad for adelsfolk heilt tilbake på 1200-talet. I dag kan du nytta deg av golfbana og selskapslokala her. Frantz Henriksen får krus i posten!

Biletet presenterte ei fyrlykt frå ein uvant vinkel, kanskje var det derfor mange svarde Dragsvik? Denne lykta har same namn som ferjeleiet, nemleg Anda, og i bakgrunnen ser ein innover mot Hennebygda og Hopland. Vinnaren denne veka er Jostein Orvedal frå Vik i Sogn.

Dette gamle biletet er henta frå Nigardsbreen, og vekas vinnar er Gaute Dvergsdal Bøyum frå Fjærland.

Vekas oppgåve var ei smal sak for lesarane våre. Krakhella ferjekai kunne lesast i så og seie alle svara, og kruset denne veka går til Solbjørg Løvlid Nesdal frå Hornindal.

Mange av dei som sende inn svar har nok eit forhold til denne kyrkja. For ein del av dei er anten døypte, konfirmerte eller gifte i denne kyrkja. Rune Nesdal frå Stryn visste at kyrkja låg i Innvik.

Mange visste at dette motivet er henta frå Amlabukta ut frå Kaupanger. Terje Systad frå Høyanger er trekt ut som vinnar denne gongen.

Ulvesund fyr var rett svar i veke 30. Asgeir Hope frå Dale får krus i posten.

Denne strandlinja har forandra seg betrakteleg sidan slutten av 1800-talet, og fekk mange til å vende blikket mot Bygstad og Selje. Men dei fleste kjende att Nordfjordeid og den karakteristiske Eid kyrkje, bygd i 1849. Vekas vinnar er Vibecke Engeland frå Eid!

Erna Heggnes frå Dale i Sunnfjord var ein av mange som kjende att Bygstad og Eidevikja med Storehesten i bakgrunnen. Krus kjem i posten!

Denne veka skulle vi til Balestrand, nærare bestemt Sognefjord Akvarium. Ei av mange som visste det var Nina Årset Solheim på Vassenden. Krus kjem i posten.

Vi skulle til den minste landkommunen i fylket, Hornindal. Biletet viser kommunehuset, Smia. Jon Rune Mork frå Styn får krus for rett svar.

Egil Eikeland frå Sande visste at dette var bilete av pipemannen i Ramsdalsheia. Den ligg langs det som var hovudvegen mellom Florø og Førde før Naustdalstunnelen vart opna.

Mange sleit med dette biletet, som er frå Sagevika på grensa mellom Fjaler og Gaular. Ein ser innover mot Gaular, Dalsfjorden og Storehesten. Norunn Lunde Furnes frå Bygstad vann trekninga!
Blant dei andre vil eg gjerne få skrive eit sitat frå Sonja Kjørlaug: "På lokalt språk heiter det Runnane - Runnå - Vi ser deler av Dalsfjorden som ein spegel, Storehesten som ikkje har mista skjorta si, dvs.at bilde er teke tidleg vår. Snøfonna som ligg til høgre på bilde er skjorta.Når navlen kjem i skjorta er det eit sikkert vårtegn.Snøsmeltinga vert først synleg i midten av fonna, altså navlen - som laga ei elv nedover så lenge det er snø. -Eg er oppvaksen litt lenger inni bygda, Storehesten vart brukt som litt skremsel for oss ungane, der budde ei sint dame oppå der, ho såg alt!!"

Svært mange kjende att Fridtjof den frøkne på Vangsnes. Denne vekas vinnar vart sogningen Tore Feten frå Balestrand.

Dette var nok inga nøtt, for mange visste vi var i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Ann Mari Støldal frå Lavik får krus i premie.

Dette var nok ei nøtt. Under halvparten visste at vi skulle til Maritind på grensa mellom Flora og Bremanger. Fjellet er ein ynda stad for klatrarar, og var ein gong ein del av Saga. Men no er dei delte av ei kløft. Ein av dei som ikkje trudde vi var på Store Skagastølstind var Steinar Daviknes frå Nordfjordeid.

Ein godtruande oppgavemakar trudde dette skulle vere ei nøtt, men veldig mange visste at dette var Frønningen. Vekas vinnar vart Erna Heggnes frå Dale i Sunnfjord. Kunstnaren som budde her heiter Knut Lindstrøm Rumohr, meir om han kan du lese i Fylkesleksikonet vårt.

Olai og Tarjei Landøy frå Raudeberg vann trekninga denne gongen og får krus i posten. Biletet er frå Bulandet skule.

Svært mange visste at fotografen hadde vore på ferjekaia på Lavik, og vinnaren vart Olav Nesse frå Sogndal.

Biletet er frå sentrum sør i Førde. Vekas vinnar vart Anne Ryssdal Tveit frå Eivindvik.

Denne gongen var det friluftsbadet i Øvre Årdal vi skulle fram til. Vekas vinnar vart Anita Gardshaug frå Innvik.

Alf Dyrdal frå Sogndal var den heldige vinnaren av denne vekas runde i Kvar er dette? Denne gongen var Hauglandssenteret eller UWC i Flekke i Fjaler rette svaret.

Eikefjord er rett svar denne gongen. Og vinnaren av krus er nettopp frå Eikefjord. Gratulerer Anita Løkkebø!

Sigrid Gunnarskog frå Laksevåg visste at vi førre veke la ut bilete frå Flåm og kyrkja der.

Desse korsa står på gravplassen i Ervik ved Stad. Annbjørg Geithus Lereim frå Kaupanger får krus i posten for rett svar.

Siste veka før påske var vi i Brekke i Sogn. Tore Oddvin Stølen frå Leikanger er trekt ut som vinnar.

Biletet er frå Bjordal på Høyanger sørside. Denne gongen får Gudrunn Hilleren frå Sogndal krus.

Dette er Budeia til Kjartan Slettemark. Ho står på Sanden i Naustdal. Den som får krus er Norvald Skaar frå Leirvik.

Frå Nordfjord drar vi til Sogn. Anders Lokreim frå Øvre Årdal visste at vi var på Hermansverk.

Ketil Ølmheim frå Slinde får krus frå NRK Sogn og Fjordane for svaret sitt om at vi hadde vore og teke bilete av Heggjabygda kyrkje i Eid kommune.

Denne gamle steinbrua er Gamle Honndøla bru. Turid Thorsen frå Helle er trekt ut som vinnar.

Leirvik i Sogn skulle vi fram til denne gongen. Inger Skaar Kleiva frå Naustdal får krus i posten for rett svar.

Denne veka ser vi frå Holsnipa vestover Viksdalsvatnet. Vi ser også Hestadfjorden og Kirkelisundet med bru over til Hestad kapell midt i biletet.
Vi har trekt ut Atle Holsen frå Holsen som vinnar. Krus kjem i posten.

Rekordmange visste at vi hadde vore på Turtagrø hotell i Luster. Nesten 600 hadde rett svar, så Gunnvor Skaare var heldig som vart trekt ut som vinnar.
Lenker
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket