Hopp til innhold

Rusa menn måtte ha legehjelp

Natt til 1. påskedag har det vore uro fleire gonger ved ein utestad i Sogndal. Fleire rusa personar var involverte og politiet blei varsla. Dei rykka ut og ein person blei sendt til legevakta.

Politiskilt

FLEIRE MÅTTE HA HJELP: Natt til 1. påskedag var det mange som hadde fått for mykje å drikke og dermed trengde hjelp av politiet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Politiet melder om at det var mange rusa personar i sentrum av Sogndal i natt og det var mykje knust glas i tilknyting til utestaden.

I Florø fekk politiet fleire meldingar om ein rusa mann i 20-åra som ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv. Politiet oppsøkte staden og tok med mannen til lege på grunn av mindre skader. Etter behandling blei mannen sendt heim i ambulanse.

Urinerte offentleg

Ein mann i 20-åra blei politimeld for å ha urinert på offentleg stad i Florø. I same by måtte politiet rykkje ut etter melding om høg musikk. Då politiet kom til staden, blei musikken dempa. Politiet har i natt også fått melding om ei knust rute på ein bygning.

Og det var meir å ta seg av i Florø. Politiet stoppa ein rusa mann i 20-åra som nekta å gi opp personalia. Han blei sett i arresten til politiet fann ut kven han var. Dette forholdet blir meldt.

Måtte køyrast heim

I Gloppen kom det melding om at to store hundar gjekk lause inne på Gloppen camping. Politiet veit ikkje kven som eig hundane.

Ei rusa kvinne i 20-år var ute av stand til å ta vare på seg sjølv utanfor ein utestad i Måløy. Politiet reiste til staden og køyrde kvinna heim.