Hopp til innhold

Etter nokre rolege dagar tek det no laust i fjellet

– I dag er det enormt med folk inne på fjellet, strålar Ove Fortun over den store aktiviteten som skjærtorsdag er i skiløypene på Sognefjellet.

Sognefjellet

60-sone: Det er uvisst om turgåarane held fartsgrensa på Sognefjellet, men flott er det i alle høve.

Foto: Ove Fortun

Både snømangel og ruskete vêr er nok forklaringa på kvifor Røde Kors Hjelpekorps, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp har hatt ei usedvanleg roleg påske til no.

Men no har sola nådd Vestlandet. Og då veit folk å finne vegen til fjellet.

– Med unntak av eitt par dagar midt i veka, så har det vore ruskete og lite folk i fjellet. Men i dag er veldig stor aktivitet. Det er litt sånn, «endeleg er det folk i løypene igjen», fortel Ove Fortun.

Flotte forhold

Beredskapen ved Spjelkebu

ROLEGE DAGAR: Røde Kors sin beredskap ved Spjelkebu har hatt rolege dagar.

Foto: Thomas Svarstad

På Sognefjellet køyrer dei løype frå Huldehaugen til Krossbu kvar dag denne påska. Løypa er kring 1,2 mil lang, og har ei breidde på tre meter som gjer det mogleg for skientusiastar å ta med seg pulk.

– Tidlegare år har vi hatt 600–700 stykke i løypene på gode dagar med mykje sol, seier Fortun og stadfestar at dagen i dag ser ut til å bli ein slik dag.

Sjølv om folket no inntek påskefjellet, håpar Arne Løland i Røde Kors Hjelpekorps Sogn og Fjordane at hjelpemannskapa framleis får rolege dagar.

Har hatt få oppdrag

Rune Hansen og Monica Nytun på løypekøyring

TOPP: «Tipp topp tommel opp» frå løypekøyrarane Rune Hansen og Monica Nytun på Tyinosen.

Foto: Øystein Grindhaug

Hjelpekorpset står mannskap på Turtagrø og Heggmyrane i Luster, ved Hodlekve i Sogndal, på Vikafjellet og ved Siplo i Høyanger klare til å rykkje ut om nokon skulle trenge hjelp.

I tillegg til dei mange som har heimeberedskap.

– Nasjonalt har det vel vore ein del oppdrag, men likevel langt frå like mange som det plar vere i påska. Forklaringa er nok vêret, med nedbør og ein del vind i dei fleste fjella, seier Løland.

Auka utfart i dag

– Dessutan må ein mange stader opp mot 1.000 meter for å finne snø, legg han til og reknar med at auka utfart i dag og framover kan gje fleire oppdrag.

Det trur også Øystein Grindhaug hos Norsk Folkehjelp. Han er stasjonert i Årdalsfjella ved Tyin.

Tyinosen

FÅR STÅ: Det er ikkje mange oppdrag snøskuteren til Norsk Folkehjelp i Årdal har måtte vere med på.

Foto: Øystein Grindhaug

– Det har vore mykje kortspel, men i dag er det så flott at vi også får sitje litt ute, seier Grindhaug og fortel at sjølv om dei fleste parkeringsplassane ved Tyinosen og Sletterust er opptekne, så har det vore så som så med folk i fjellet.

– Folk er flinkare

– Folk er flinke til å bruke fjellet sjølv om det ikkje er sol, men denne helga vil det nok komme meir enn det har vore til no, seier han.

Det er ikkje mange oppdrag Norsk Folkehjelp har hatt i Årdal. Utanom eitt par varetransportar, transport av folk frå hytte til veg, samt løypekøyring.

– Folk er blitt flinkare til å ta førehandsreglar, seier Grindhaug.