Hopp til innhold

No skal Sivert (7) turnere Taiwan

Sivert Vikene (7) har vakt begeistring i Taiwan. I sommar skal born i heile landet få sjå sogndølen boltre seg i norsk natur.

Sivert Klart Eg Kan

PÅ TURNE: No skal born i heile Taiwan få høve til å sjå Sivert Vikene (7) overnatte i naturen.

Foto: NRK / Arkiv

Norske born fekk møte Sivert gjennom andre sesongen av barne TV-serien Klart eg kan.

No skal episoden med sjuåringen visast på kino i heile Taiwan.

– Vi har snakka litt om det, og det er litt stas. Kanskje det er mest stas og spennande for foreldra, humrar pappa Odd Lennart Vikene.

Sivert på mandarin

Episoden vart i slutten av mars vist under Taiwan International Children Film Festival, der den var ein av fem nominerte til beste dokumentar . Pris vart det likevel ikkje, då juryen ikkje vart samde om ein vinnar som oppfylte alle krav i dokumentarsjangeren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Barne TV-episoden med Sivert Vikene frå Sogndal skal visast på kinoar i heile Taiwan.

SJÅ: Slik vil episoden om Sivert Vikene høyrast ut når den blir vist på taiwanske kinoar i sommar. (Foto: Eva Westvik/NRK)

Når episoden no skal visast på taiwanske lerret, skjer det mellom 1. juli og 31. august. Og sjølvsagt på mandarin, som er Taiwan sitt offisielle språk.

– Han tykkjer det i utgangspunktet er rart å høyre si eiga røyst, og endå rarare blir det vel å høyre seg sjølv på eit anna språk, seier Vikene.

– Stas

Kjellrun Lavik

STAS: Prosjektleiar Kjellrun Lavik tykkjer det er stas at barne TV frå Sogn og Fjordane skal visast for eit større publikum i Taiwan.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vinningane i Taiwan blir gratis. Prosjektleiar Kjellrun Lavik tykkjer det er stas at fleire skal få innblikk i korleis born i Norge nyttar naturen.

Ho var sjølv i Taiwan under filmfestivalen og fortel at kulturskilnadane kom klart fram, då borna der vanlegvis ikkje får lov til å klatre i tre, spikke med kniv og fyre bål .

– Litt av målsettinga med «Klart eg kan» er å inspirere barn til å prøve å nå mål og draumar dei ber på. Difor synest me det er veldig kjekt at flest mogeleg får moglegheita til å sjå programma og få tru på at dei kan klare mykje dersom dei berre vågar å prøve, seier Lavik.

Sivert skal vere med pappa på overnattingstur ute i skogen. Sivert gruar seg, for han er litt mørkredd og trur kanskje det blir veldig kaldt. Og tenk om huldrer finst? Sivert trur litt på huldrer, for pappa elskar å fortelje skrøner og eventyr.

PÅ NORSK: Slik er den opphavlege episoden om Sivert og far hans si overnatting i gapahuken.