26.05.2012

Vegplanar på sommarskisenteret

Styreleiar Hans Skibenes og dagleg leiar Anita Vinsrygg i Strynefjellet AS. (Foto: Bengt Flaten, Fjordingen)

Strynefjellet AS vil byggje veg frå gamle Strynefjellsvegen og opp til breplatået på Tystigbreen.

Det er snakk om ein fem kilometer lang grusveg, og planen er at vegen skal vere klar til bruk i sesongen 2008, skriv Fjordingen.

Nye aktivitetar

- Breen smeltar ned både i Briksdalen og Kjenndalen. Med veg til Tystigbreen kan turistar få sjansen til ulike aktivitetar knytt til sjølve breplatået, seier dagleg leiar Anita Vinsrygg og styreleiar i Strynefjellet A/S, Hans Skibenes.

Då kan folk køyre i bil opp til breen på 1600 meters høgde, og sykkelturisme og brevandring blir nye aktivitetstilbod etter at sommarskisesongen er over. Dermed kan Strynefjelelt AS forlenge sesongen sin.  I skisesongen kan vegen brukast som skitrasé.