Hopp til innhold

Bil i fjellveggen i Aurland

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein personbil køyrde i fjellveggen på E16 ved Langhuso i Aurland tidleg måndag morgon.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 4.19. Bilen med ei kvinne og ein mann i 20-åra køyrde i fjellveggen ved den austlege tunnelmunninga på Gudvangatunnelen. Ingen av dei vart alvorleg skadde.

– Begge vart køyrde i ambulanse til sjukehuset på Voss for kontroll, seier operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Duppa av

Det var ingen andre køyretøy involverte i ulukka, som truleg skjedde fordi føraren sovna.

– Han har fortalt til politiet på staden at han har duppa av. Førarkortet hans er beslaglagt, seier Værøy.

E16 var ei stund stengd på grunn av ulukka, men er no opna att.