Hopp til innhold

Sogndal vann 2-0 heime mot Odd - har tatt sju poeng på åtte dagar

Malick Mane si utsøkte frisparkperle fem minutt før pause og Eirik Bergum Skaasheim sitt første Sogndal-mål sikra tre poeng til Sogndal heime mot Odd Grenland søndag.

Malick Mane feirar etter scoringa mot Odd

PERLEMÅL: Malick Mane og Per Egil Flo jublar etter at Mane sendte Sogndal opp i leiinga rett før pause.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal viste frå første fløyteblås at dei ville framover denne kampen. Allereie før minuttet var omme hadde dei fått to cornerar og publikum hadde rukke å ropa på straffe då Azar Karadas gjekk over ende i 16-meteren på corner nummer to.

Etter dei første minutta jamna kampen seg ut og det bølgja att og fram.

Odd snytt for straffe?

Då stadionuret passerte 25 minutt følte nok bortelaget seg snytt for straffe. Eit innlegg trefte tilsynelatande armen til Gustav Valsvik, men dommar Svein Erik Edvartsen held fløyta i ro, til stor frustrasjon for dei tilreisande frå Skien.

Etter 29 minutt var Espen Næss Lund litt ivrig med å visa knottane sine i ei takling 15 meter inne på eigen banehalvdel, og vart belønna med gult kort. På det påfølgjande frisparket fekk Odd avslutta, men Erik Dahlin i Sogndal-buret redda enkelt.

Ettersom omgangen gjekk, tok Odd over initiativet i kampen, men utan å koma til dei heilt store sjansane, utanom eitt skot som gjekk nokre centimeter til side for sogndalmålet.

Mane med Brann-reprise

To minutt før pause var det duka for senegalesisk magi. Malick Mane dribla rett utanfor sekstenmeteren, vart felt og gjekk fram for å ta frisparket sjølv. Som mot Brann for ei veke sidan klinka han ballen i krysset, til vill jubel for dei fleste av dei nesten 3000 tilskodarane på Fosshaugane Campus.

Malick Mane scora på frispark

IKKJE EIN SJANSE: Keeper André Hansen hadde ikkje ein sjanse på frisparket frå Malick Mane.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Etter kvilen held kampen fram i nokonlunde same stil. Etter femti minutt fekk Sogndal frispark på høgresida. Per Egil Flo svinga den inn, etter litt klabb og babb gjekk ballen i stolpen før keeper André Hansen fekk slege ballen ut i feltet medan han stod på kne. Stor sjanse til Sogndal!

Etter 61 minutt fekk Rune Bolseth ein kjempesjanse då han fekk heada frå tre meter, men ballen sklei av panna hans. Odd gjekk rett i angrep, og berre eit tigersprang frå Dahlin hindra at det vart utlikning.

Sognescoring

Ti minutt før slutt fekk Sogndal frispark ute til venstre. Ballen vart svinga inn og etter mykje om og men hamna den i beina på Eirik Bergum Skaasheim. Balestrendingen hadde ingen problem med å setja den sikkert i mål, og dermed kunne han feira sitt første mål i Sogndal-trøya i eliteserien.

Odd pressa det dei kunne etter scoringa, og sjølv med heile fem tilleggsminutt, makta ikkje bortelaget å overlista Erik Dahlin.

Dermed har Sogndal sanka sju poeng på åtte dagar, med siger over Brann førre helg, uavgjort mot Lillestrøm på tordag og 2-0 mot Odd i dag.