Hopp til innhold

Stal bil på Manger, enda i grøfta i Høyanger

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein 30 år gammal mann frå Nordhordland vart sett i arresten i Førde etter at han stal ein bil på Manger og køyrde 15 mil til Høyanger.

Ferda med den stolne bilen enda i grøfta på Dalevegen i Høyanger laurdag ettermiddag. Vel framme der gjekk han frå bilen til eit bustadhus, og det var der politiet kunne pågripe han.

Politiet veit ikkje med sikkerheit om han var rusa under heile den vel to timar lange bilturen, men han er no sikta både for bilbrukstjuveri og fyllekøyring.

– Mannen sit no i arrest i Førde og i løpet av søndagen vil det bli avgjort kva som skjer vidare med mannen, opplyser operasjonsleiar Einar Vereide til NRK.

Etter det NRK kjenner til skal mannen ha stole bilen frå ein nabo, før han la ut på ferda mot Sogn. Mannen var søndag føremiddag enno ikkje avhøyrd av politiet.