Hopp til innhold

Løysing i meklinga i natt - journalistane streikar ikkje likevel

Det vert ingen journaliststreik i avisene. Partane i journalist-meklinga vart einige i natt.

Avisene i Sogn og Fjordane

INGEN STREIK: Norsk Journalistlag aksepterte igår tilbodet dei fekk frå Mediebedriftenes Lanfsforening.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ei løysing i meklinga mellom Norsk Journalistlag (NJ) og Mediebedriftenes Landsforeining (MBL) kom i går like før midnatt.

Norsk Journalistlag akspeterte igår eit tillegg på 10 000 kroner til kvar av journalistane.

Det var på førehand klart at over 2000 journalistar i 102 ulike verksemder kom til å streike dersom meklinga ikkje førte fram.

Avstanden mellom tilbodet til journalistane fekk og kravet dei hadde var stort.

NJ sitt justerte krav var på 16 713 kroner. I tillegg kom eit krav om at ulempetillegget skulle opp fem prosent. MBL sitt tilbod var først på 4190 kroner.

– Journalistane i Norge har hatt ei veldig dårleg lønnsutvikling dei siste åra samanlikna med andre yrke som vi samanliknar oss med, sa Svein Heggheim, klubbleiar for avisa Firda til nrk.no torsdag kveld.

Firda var mellom avisene som kunne bli tekne ut i streik.