Hopp til innhold

Forventar meir pengar til bøndene

Fylkesleiar i Bondelaget, Per Hilleren forventar at staten er villig til å legge meir i potten når bøndene no har sagt seg villige til å sette seg til forhandlingsbordet.

Per Hilleren

HÅPEFULL: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, meiner årets utgangspunkt er litt betre enn i fjor, og no forventar han at regjeringa vil kome bøndene i møte.

Foto: NRK

Tidlegare i veka la regjeringa fram sitt tilbod som vil gi ein inntektsauke på 25.000 kroner per årsverk. Bøndene på si side har kravd eit tillegg på 46.000 kroner per årsverk. Grunngjevinga for kravet er at skal matproduksjonen auke i takt med folkeveksten må inntektsgapet til andre grupper tettast.

Fredag føremiddag bestemte begge bondeorganisasjonane seg for å forhandle med regjeringa, skriv Bondelaget i ei pressemelding.

– Betre utgangspunkt

– Statens tilbod gir eit betre utgangspunkt for forhandlingar enn i fjor, sjølv om det er eit stort sprik mellom tilbodet frå staten og kravet vårt. Vi vurderer det likevel slik at tilbodet frå staten gir grunnlag for å starte forhandlingar, seier leiar av jordbrukets forhandlingsutval og Norges Bondelag, Nils T. Bjørke.

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, er samd i at årets utgangspunkt er betre enn fjorårets.

– Det er jo i utgangspunktet ein større pott frå staten, men ikkje mykje. Eg veit ikkje, men det er ikkje utgangspunkt for å setje seg til forhandlingsbordet. Det må kome meir på bordet for at vi skal ha ein avtale. Men det er eit utgangspunkt som er litt betre enn det som har vore tidlegare.

Håpar på større pott

Han forventar at det no vil komme meir pengar på bordet, og meiner regjeringa bør kome dei eit god stykke i møte.

– Det håpar eg blir gjort. Så får vi sjå kva våre forhandlingsutval i dei to faglaga no kjem fram til ved forhandlingsbordet, seier Hilleren.

Forhandlingane mellom bondeorganisasjonane og staten skal etter planen vere avslutta 16. mai.