Hopp til innhold

Streik kan stoppe skrivinga for 2200 journalistar frå og med laurdag

2200 journalistar kan bli tekne ut i streik frå og med laurdag 11. mai. Dårleg lønnsutvikling for journalistane er årsaka.

Avisene i Sogn og Fjordane

AVISSTREIK: Fleire av avisene i fylket kan bli tekne ut i streik frå laurdag av.

Foto: Rune Fossum / NRK

I Sogn og Fjordane kan fleire aviser bli råka. I morgon møter Norsk Journalistlag (NJ) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) til mekling.

– Journalistane i Norge, då snakkar vi om aviser- og vekebladjournalistar, har hatt ei veldig dårleg lønnsutvikling dei siste åra samanlikna med andre yrke som vi samanliknar oss med som til dømes lærarar, seier Svein Heggheim som er klubbleiar for avisa Firda som er ein av avisene som kan bli tekne ut i streik.

– Det er ei utvikling vi ønskjer å stoppe. Men med MBL sitt tilbod no, så vil jo skilnaden berre bli enda større, seier Heggheim.

Reell streikefare

Svein Heggheim, journalist i Firda bylinebilete, kommentarbilete.

Svein Heggheim

Foto: Arne Stubhaug / arkivfoto / Firda

På landsbasis er det teke ut over 2000 journalistar, i Sogn og Fjordane er alle avisene teke ut i streik bortsett få Firda Tidende, Ytre Sogn og Fjordabladet
I Firda sin redaksjon er det 17 journalistar som vil gå ut i streik laurdags morgon

– Det er veldig stor avstand mellom det MBL vil gje og det NJ krev, seier Heggheim.

Han meiner at slik som det ser ut no er streikefaren reell.

– NJ sitt justerte krav er på vel 16 713 kroner. Pluss at dei hadde eit krav om at ulempetillegget skal opp fem prosent. MBL sitt tilbod er på 4190 kroner, så det er ganske store skilnader på tilbod og krav, seier han.

Lønnsauke er avgjerande

– Lønnsauke er viktig med tanke på rekruttering til yrket og ikkje minst for å behalde dei journalistane ein har. Sakkar ein for mykje akterut er journalistar som bønder. Dei er attraktiv arbeidskraft, fortel Heggheim.

Han håpar at partane kjem til einigheit.

– Ingen har lyst på streik, men streik er det våpenet vi har. Vi er villige til å bruke det.

Stor streikevilje

– Det er håplaust å seie kor lenge ein eventuell streik vil vare. Hjå oss er streikeviljen stor og vi er i stand til halde ein streik gåande lengje. Det ligg mykje ansvar hjå partane dersom streiken skal bli så kort som mogleg.

Dersom partane ikkje vert einige fredag midnatt vert det streik

Totalt er til saman 102 aviser og nyheitsbyrå som har fått beskjed om dei vert tekne ut i streik.

Her kan du sjå lista over kven og kor mange som vert tekne ut.