Hopp til innhold

Valsvik trur på tre poeng på Åråsen

I kveld møter Sogndal Lillestrøm på Åråsen stadion. Etter oppturen mot Brann i helga er Sogndal klare for nok ein siger.

Sogndal - Brann

NY JUBEL?: Her jublar Sogndalspelarane etter 3–1 sigeren mot Brann.

Foto: NRK

– Eg trur vi skal klare tre poeng mot Lillestrøm, seier Gustav Valsvik før kampen.

Lillestrøm ligg på ein sjuande plass på tabellen så langt i serien. Åtte plassar føre Sogndal. Likevel har Valsvik trua på ein siger på Åråsen.

– Vi er i ei flytsone no, og klarer vi å spele like bra her som mot Brann så vinn vi.

Valsvik er teke ut i 40-mannstroppen til U21 EM noko som gjer godt for sjølvtilliten til Sogndalspelaren.

– Det gjev meg ein ekstra gneist til å prestere godt for Sogndal også, seier han.

Valsvik ser også fram til å spele mot tidlegare Sogndalkeeper Kenneth Udjus.

– Han var ei svært god målvakt for oss, og har stått godt i mål for Lillestrøm, men eg vonar sjølvsagt han slepp inn nokre mål, seier Valsvik.

FØLG KAMPEN MELLOM LILLESTRØM-SOGNDAL FRÅ KL 18.00 HER

ELITESERIEN 2013