Hopp til innhold

Ras tok med seg bru og veg

Eit stort skred har gått i Årdalsdalen i Jølster. For vel 20 år sida gjekk det ras på same plassen.

Ras i Årdalsdalen i Jølster

TOK MED SEG BRUA: Her var det ein veg og ei bru ein gong.

Foto: Inge Erikstad

– Naboen og eg kom hit midt på dagen då vi skulle til fjells på ski. Då såg vi det var kome ned enorme massar, fortel Inge Erikstad som er ein av grunneigarane i Årdalsdalen i Jølster.

Det gjekk eit ras på same staden i februar 1990. Det gjekk også eit ras på omtrent same plassen i 1991. Det raset tok med seg mykje skog og øydela mellom anna skytebana.

Raset som no er kome ned har teke med seg brua der bilvegen går innover.

– Det ligg mykje snø og jord og stein i dalbotnen. Eg vil seie dette er eit stort ras, seier Erikstad.

Han trur is i elva, snøsmelting og mykje nedbør er årsaka til at det har rasa.

– No står eg å ser ned på raset frå ein topp her. Brua som høyrer til vegen som går innover dalen her er heilt vekke. Det er i hovudsak brua og vegen som er øydelagt.

Erikstad reknar med at Naturskadefondet kjem inn i biletet og at skaden blir taksert.

– Folk er avhengige av vegen der brua var, i alle fall når vi skal flytte beitedyr. Den blir nytta når vi skal til fjells og er hovudåra innover Årdalsdalen.

Ras i Årdalsdalen

STORT SKRED: Bilete er teke ned mot Årdalsdalen. Vegen er til høgre for skredet.

Foto: Inge Erikstad