Hopp til innhold

Har opna fylkesveg 13 Gaularfjellet for trafikk

Mange har venta i over ei veke på at fylkesveg 13 over Gaularfjell skal opne. I dag er det fri ferdsle.

Gaularfjellet stengt

HAR OPNA: Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er no opna for fri ferdsle.

Foto: Robert Jan Leerink

– Vegen skulle ha vore opna 1. mai, men i år var ikkje tilhøva slik at det let seg gjere, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen, Roger Nedberge Hille.

Men den som ventar på noko godt, ventar som kjent ikkje fåfengt. I dag, like før klokka ni, vart skilta som har synt "Gaularfjell stengd", skrudde ned til fordel for dei som syner at fjellet no er ope.

– Det har vore ein del småskred der oppe, det er difor opninga har drege litt ut i tid. Også i dag tidleg, før dei opna, måtte dei rydde eit sørperas, seier Hille.

Måtte rygge fem kilometer

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet vert kvar vinter stengd når vinteren får skikkeleg grep om den vesle fjellovergangen mellom Sunnfjord og Sogn. Vegen vart denne sesongen stengd for vinteren 2. januar 2013.

Sjølv om stenginga er godt skilta både ved Dragsvik ferjekai og ved Moskog, hender det at det går gale.

For vel éin månad sidan, på Skjærtorsdag, la eit polsk vogntog i veg over Gaularfjellet, trass i at vegen var stengd, sidan han stolte blindt på GPSen sin.

Han køyrde seg til slutt fast i ein av svingane opp frå Vetlefjorden, noko som førte til eit litt over snittet krevjande bergingsoppdrag for Arild Tistel i Førde bilberging.

Han måtte nemleg rygge heile vegen frå fjorden og opp til der havaristen stod.

– Eg var nøydd til å rygge. Å snu var ikkje noko tema med så store køyretøy, for å seie det slik, sa Tistel til NRK.no.

Dermed rygga han like godt fem kilometer og tre hårnålssvingar i motbakke for å berge det polske vogntoget.

Litt ustabilt i høgfjellet

Alle fjellovergangane er opne og har greie køyretilhøve, men mildvêret kan gi utfordringar av ymse slag.

– Fylkesveg 50 Hol-Aurland var i morgontimane stengd av to sørperas, seier Hille.

Også riksveg 13 Vikafjellet har hatt ein del småras, og i går var strekninga stengd grunna to større sørperas.

– Det er litt ustabilt i fjellet når det er så store vassmengder. Slik temperaturen er no, kan det nok fort komme meir, seier Hille.