Hopp til innhold

Har selt Moods-klede for ein milliard kroner

Karane i Moods of Norway har selt designklede for vel ein milliard kroner. No vil dei vidare ut i verda.

Moods 2013

KAN SMILE: Moods of Norway- gutta Simen Staalnacke (t.v.) og Peder Børresen har all grunn til å vere nøgde med det dei har fått til.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Eg tykte han var ein artig fyr med litt rare idear, men var usikker på om vi skulle vere med, seier direktør i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland, til bt.no.

Det er ti år sidan han hadde Simen Staalnacke på kontoret. Men den pågåande stryningen gav seg ikkje, og fekk til slutt med seg eit etablerartilskot på 190.000 kroner til å lage T-skjorter med traktorar på.

– Sidan har det berre gått éin veg, og det gjer det framleis, seier Flatland til bt.no.

Halverte driftsresultatet i fjor

Ifølgje avisa har omsetnaden, dersom ein legg saman frå oppstarten i 2003/2004, passert éin milliard kroner. Omsetnaden var i fjor på 332 millionar kroner, noko som er 14 prosent meir enn i fjor.

Driftsresultatet vart derimot nær halvert til 51 millionar kroner, frå 95 millionar kroner i 2011.

Det skal skuldast monalege investeringar i eigne butikkar, datasystem og personell for å takle veksten, skriv bt.no.

Gründerane har også fått suge på karamellen etter at selskapet har gjort det godt over lengre tid. Sidan 2010 har utbyttebetalinga vor vel 60 millionar kroner. Det har gitt dei tre hovudeigarane vel 17 millionar kvar.

Resten av overskotet dei siste tre åra er førte rett tilbake i selskapet.

Aldri trudd det skulle bli så stort

Korkje dagleg leiar eller PR-sjef i Moods of Norway ønskjer å kommentere årsrekneskapa overfor bt.no.

Flatland i Innovasjon Norge legg til at det var så vel personen Staahlnacke, som ideen, som gjorde at dei satsa på traktormerket.

– Men at det skulle bli så stort, hadde vi inga aning om. Det hadde nok ikkje han heller, seier Flatland til avisa.

Innovasjon har nominert Moods of Norway til prisen Årets bedrift, som skal kårast seinare denne månaden.