Hopp til innhold

Russ slo til fleire personar

Ein russ skal natt til torsdag ha slege til fleire personar under ei russesamling i Sogndal.

Politiet fekk onsdag kveld melding om ein russ som skapa ordensforstyrring i Sogndal. Då dei kom til staden vart det klart at russen hadde slege til fleire personar.

Politiet tok hand om russen og køyrde vedkommande heim til bustaden sin.

Hendinga vert politimeld.