Hopp til innhold

Ambulanseelevar og Sivilforsvar øvde saman i tøft terreng

Ambulansefagelevane ved Høyanger vidaregåande fekk i dag verkeleg prøvd seg då dei blei sendt inn som markørar i Sivilforsvaret si storøving.

Sivilforsvaret

SØK OG SIKRING: Mannskapa frå Sivilforsvaret fekk prøvd seg på ei rekkje ulike oppgåver.

Foto: Sivilforsvaret

I det trange og bratte landskapet i Lånefjorden i Balestrand kommune vart det mønstra til storøving onsdag. Sivilforsvaret si gruppe i Høyanger skulle trenast på ulike utfordringar i bratt terreng.

– Øvinga vart gjennomført saman med elevar og lærar frå ambulanselinja ved Høyanger Vidaregåande skule. Dei stilte med ambulansebil, var markørar og løfta øvinga med kunnskapen sin og godt skodespel. Eit veldig kjekt samarbeid, fortel sivilforsvarsadjutant Anne Fasmer Eide til NRK.

Fekk øve mykje

To gonger i året vert dei seks ulike sivilforsvarsavdelingane i Sogn og Fjordane kalla inn til dagøvingar. Denne gongen var det den aktive gruppa i Høyanger sin tur og dei fekk verkeleg prøvd kunnskapen sin.

–Her var det mellom anna skadar etter fall frå stor høgde, brotskader og ein post der tau og sikring måtte nyttast for å kome ned til pasient som låg vanskeleg til. Ein post fokuserte på hjerte-lungeredning, der dei tenestepliktige fekk øve på dette over lengre tid på treningsdokker, opplyser Fasmer Eide.

Ho legg vekt på at det er viktig for Sivilforsvaret å få øvd mannskapa sine på verkelegheitstru oppgåver.

Sivilforsvaret

VIKTIG RESSURS: Sivilforsvaret har kring 300 tenestepliktige mannskap i Sogn og Fjordane.

Foto: Sivilforsvaret

Skal vere ein ressurs

Etter omlegginga for nokre år sidan er i dag Sivilforsvaret sin forsterkningsressurs for dei ordinære naudetatane.

– I Sogn og Fjordane er det omlag 300 tenestepliktige fordelt på avdelingane på Eid, Florø, Førde, Høyanger, Sogndal og Aurland, med underavdelingar i Askvoll, Vågsøy og Årdal.

Totalt har Sivilforsvaret kring 8000 tenestepliktige mannskap som raskt kan setjast inn ved større eller mindre hendingar i det sivile samfunnet.