Hopp til innhold

– Han er ein veldig hyggeleg mann

Heilt inn i dei inste fjordar er Manchester United-fans i sorg over at Sir Alex Ferguson i dag melde at han trekk seg etter 26 sesongar. May Britt Eide i Vadheim er ei av dei som tykkjer dette er svært trist.

May Britt Eide

MØTTE FERGUSON: May Britt Eide frå Vadheim er ein av dei som fekk oppfylt draumen om å møte Sir Alex Ferguson.

Foto: privat

Den svorne United-supportaren møtte sjølv den levande trenarlegenda på slutten av 90-talet.

– Dette var på slutten av 90-talet. Vi var i Manchester i ei veke og var på kampar og vi var innom treningsfeltet. Det var i den samanhengen at fekk høve til å helse på han, fortel Eide, som til vanleg er journalist i avisa Ytre Sogn.

– Veldig hyggelig mann

– Fekk du prata noko med han da?

– Han var veldig hyggeleg å prate med. Det var nok ikkje den lange samtalen. Det var ein som stod der saman med meg som overleverte ei gåve, sidan det var bursdagen til Ferguson.

Ho forsikrar at uansett kven som overtek etter Sir Alex, så vil United for alltid vere klubben i hennar hjarte.

– United-supporter blir eg for evig og alltid, uavhengig av kven som er manager. Men eg synes det er trist at han gir seg. Det skal jo litt til å kome opp på hans nivå.

– Veldig rar dag

Men det er slett ikkje berre May Britt Eide her frå fylket som har eit nært forhold til den avtroppande suksess-manageren.

Lene Horn Hammarsvik frå Raudeberg har endåtil jobba for United og kom nyleg heim att til Norge. Etter fire månader som praktikant i klubben er kjenslene sterke i dag.

– Det har vore ein trist dag, ein dag vi aldri trudde skulle kome. Det har vore ein veldig rar dag, og eg er glad eg ikkje for på skulen. Det hadde ikkje vore noko vits i, fortel Lene.

Lene Horn Hammersvik

JOBBA FOR UNITED: Lene Horn Hammarsvik frå Vågsøy jobba i vinter som praktikant i marknadsavdelinga til Manchester United. Ho møtte Ferguson fleire gonger.

Foto: privat

Møtte han fleire gonger

Ho fekk si første United-drakt då ho var liten. Etter det har det kun vore United.

– Eg har nok ikkje så mange venninne som likar fotball, men det har vore viktig for meg. Det er jo og grunnen til at eg valde å søkje om praktikantplass i klubben.

Som praktikant i United jobba ho saman med fleire av samarbeidspartnarane til klubben og helste fleire gonger på Sir Alex.

– Eg er veldig glad for at eg har fått æra av å møte Sir Alex Ferguson, og at eg har fått jobba med han. Utruleg takksam for den opplevinga.

– Vanskeleg å finne erstattar

Ho møtte han fleire gonger i samband med jobben, anten på Old Trafford eller på treningsfeltet.

– Han er ein veldig interessant person og veldig hyggeleg. Eg har berre hatt gode opplevingar med å møte han. Han er tidenes fotballtrenar, og det kjem til å vere utruleg vanskeleg å finne ein erstattar for han.

I følgje britiske medier er det mest truleg Everton-manager David Moyes som ligg best an til å overta etter Ferguson.

PS! Artikkelforfattaren er ikkje United-supportar. Han held med botnlaget Norwich City...