Samla får fylkeskommunane i Norge ein auke i dei frie inntektene på ein milliard kroner i kommuneproposisjonen som regjeringa la fram 7. mai.
Likevel ser det ut til at Sogn og Fjordane får mindre enn rekna med i økonomiplanen for 2014.
Manglar 70 millionar til veg
Den nye fordelinga i kommuneproposisjonen tyder på at vegmidlane til Sogn og Fjordane kan bli reduserte med om lag 185 millionar kroner. Dette er nær 70 millionar kroner meir enn reduksjonen fylkeskommunen har lagt inn i økonomiplanen for 2014.
– Om dette vert ein realitet, betyr det at vi manglar nær 70 millionar til å gjennomføre det alt svært stramme vegbudsjettet som er skissert for neste år, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.
Fekk relativt høg del
Fylkeskommunane fekk tre milliardar i året til veginvesteringar, inkludert ei generell styrking av ramma, då dei overtok ansvaret for ein stor del av riksvegane i 2010.
Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk ein relativt høg del av desse midlane for å fullføre Dalsfjordbrua og Bremangersambandet. Fordelinga stod fast for åra 2010 til 2013.
(Artikkelen held fram under biletet)
Auke i frie inntekter på ein milliard
Den ordinære veksten i dei frie midlane til fylkeskommunane er på 500 millionar kroner i kommuneproposisjonen. Den økonomiske balansen til Sogn og Fjordane fylkeskommune er betra med ca. 15 millionar kroner som følgje av veksten i frie inntekter og utsetjinga av nytt inntektssystem for fylkeskommunane.
I tillegg er det lagt inn ein vekst i dei frie inntektene til fylkeskommunane på 500 millionar kroner for å ta att etterslep på vegvedlikehald. Dette er i samsvar med lovnaden i Nasjonal transportplan.
Korleis dei 500 millionane skal fordelast mellom fylkeskommunane, blir ikkje klart før i statsbudsjettet 2014.