Hopp til innhold

Søsken inn i kriseråka hotell

Tre søsken går no inn i drifta på Tørvis hotell i eit forsøk på å halde liv i verksemda.

Tørvis Hotell

NY LEIINGA: Tørvis hotell i Luster har no fått nye folk inn i leiinga.

Foto: Arild Nybø / NRK

Investor Rolf Wikborg har brukt store summar på det historiske hotellet i Marifjøra ved Lustrafjorden. Men satsinga har vore på randen av konkurs.

No er Kjell Sindre Schmidt ny hotellsjef. Han viser fram svart-kvitt bilete frå tida då europas rike og berømte valfarta norske fjordar. Som fersk sjef har den grå dressen og den kvite skjorta berre vore arbeidsantrekket i to veker. Broren til bestefaren hans dreiv tidlegare hotellet.

Håper lokal tilknyting kan hjelpe

Og no har Schmidt i lag med ein bror og ei syster gått inn i drifta

– Det er først og fremst kjempespennande, men likevel eit stort ansvar. Vi vil veldig gjerne lykkast med dette. Men eg trur den lokale tilknytinga kan hjelpe oss, vi håpar det, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ærverdige trehotell er ein del av kulturhistoria på Vestlandet. Men mange av dei slit økonomisk. 
Kjeden Mountain Fjord skulle skape håp for slike hotell, men no har det nesten enda i konkurs.

SJÅ TV-SAKA: Ærverdige trehotell er ein del av kulturhistoria på Vestlandet. Men mange av dei slit økonomisk. Kjeda Mountain Fjord skulle skape håp for slike hotell, men no har det nesten enda i konkurs.

Planla å få med åtte hotell

For fem år sidan kom investor Rolf Wikborg inn med friske millionar i Tørvis hotell. Etter år med forfall vart hotellet meir eller mindre bygt opp på nytt.

Men Wikborg stoppa ikkje der, kongstanken om ei eiga kjede av historiske hotell tok form og Wikborg gjekk gjennom Mountain Fjord inn i eller planla å gå inn i heile åtte hotell.

I miljøet rundt ærverdige hotell som Mundal hotell i Fjærland vart det skapt nytt håp. Men satsinga vart eit økonomisk mareritt. For eit år sidan fortalde NRK at dei hadde meir enn tjue inkassosaker hengande over seg.

– Vi har tapt masse pengar, vi har ligge på etterskot og har ikkje betalt rekningane våre. Heldigvis har 90 prosent vore fleksible, seier Wikborg.

På NRK Vestlandsrevyen i går kunne ein openhjertig Rolf Wikborg fortelje at skifteretten har vore nær i lang tid.

– Vi har vore på konkursens rand i ein lang periode. Vi må skyte inn meir pengar og sel huset vårt i Oslo for å forsvare det.

Mykje som skal tenkjast på

Han vedgår at det ikkje lét seg gjere å sitje å styre gamle hotell frå Oslo.

– Det er vanskeleg når ein ikkje er her sjølv, som til dømes å halde bygget ved like.

Med lokale krefter som Schmidt håpar dei på å redde hotell som Tørvis.
Når NRK var på besøk hadde den ferske hotellsjefen allereie fått ein liten vasslekkasje i kjellaren å stri med. Vedlikehald av gamle bygg krev sin mann.

– Det er tøft og mykje som skal tenkast på. Men den utfordringa må vi berre ta, seier Schmidt.