Hopp til innhold

Staten vil gje bøndene 25.000 meir for kvart årsverk

Sogn og Fjordane bondelag er avventande etter at Staten i dag la fram sitt tilbod til bøndene. 25.000 kroner meir per årsverk fordelt over to år er dei reelle tala.

Per Hilleren

AVVENTAR: Per Hilleren vil sjå nærare på Staten sitt tilbod før han går ut med klare konklusjonar.

Foto: NRK

Fylkesleiar i bondelaget, Per Hilleren, er ikkje overraska over at Staten sitt tilbod er langt lågare enn kravet deira på nær 2 milliardar totalt.

– Dette blir utfordrande. Vi skal setje oss ned og gå gjennom innhaldet i tilbodet frå staten. Så skal vi konkludere når vi har sett på kva som ligg i tilbodet. Det er alt for tidleg å seie verken den eine eller andre vegen, seier Hilleren.

– God vekst

Totaltilbodet frå Staten til bøndene er på 1,02 milliardar kroner, noko forhandlingsleiar Leif Forsell meiner er bra.

– Tilbodet frå staten legg til rette for ein god inntektsvekst i jordbruket. Særleg blir det prioritert å øke produksjonen av storfekjøtt, korn og grøntsektoren det marknadspotensialet er godt. Effekten på forbrukarprisane vil bli under ein halv prosent, seier Forsell.

Leif Forsell

Leif Forsell (t.h.), la i dag fram Staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret til Nils Bjørke, leiar i Norges bondelag, og Merete Furuberget, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag, i Oslo tirsdag.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Skal vurdere nærare

For å oppfylle tilbodet vil Staten auke mjølkeprisen med 19 øre pr liter, mot 23 øre i kravet. På sau og lam blir det føreslått 3 kroner pr kilo i auke, mot 3,50 kroner i kravet.

Bondeorganisasjonane vil no gå djupare inn i Staten sitt tilbod og deretter kome fram til om forhandlingar eller brot er vegen å gå vidare.

– No må vi samsnakkast og diskutere vidare utfrå kva som er våre krav i dette oppgjeret, seier Hilleren til NRK.

Vi skape optimisme

Bondelagsleiar på landsplan, Nils T. Bjørke frå Voss, meiner også at tilbodet frå Staten er utfordrande.

– Vi meiner at det kravet vi la fram for ei drøy veke sidan vil gje den optimismen som er naudsynt i næringa for å auke norsk matproduksjon. No står det att å sjå om dette ender med eit resultat som kan gje noko av den same effekten, seier Bjørke.