Hopp til innhold

Braut seg inn hos gullsmed - kan ha fått med seg verdiar for éin million

Politiet meiner tjuvane har fått med seg verdiar for mellom ein halv og éin million kroner frå innbrotet i gullsmedbutikken i Førde.

Created by InfoDispatcher

UNDERSØKING: Politiet var på staden for å undersøkje kor tjuvane kom seg inn. Foto: Marie Stafsnes Osland

– Det er vanskeleg å seie ein eksakt verdi. Men det er det største grove tjuveriet i Førde nokon gong. Vi meiner det er snakk om verdiar for mellom ein halv og éin million kroner, seier lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Tjuveriet vart oppdaga torsdag 2. mai, då dei tilsette kom på jobb i morgontimane. Politiet trur no at innbrotet kan vere gjort av omreisande kriminielle natt til 1. mai.

Då var det først sagt at ein trudde verdiar for eit par hundre tusen kroner var stole. No er det totale beløpet altså langt større.

Interesserte i tips om kvit Mercedes

Politiet har sett inn dei ressursane dei meiner er aktuelt for å oppklare det grove tjuveriet. Ein har mellom anna sikra alle naudsynte spor.

– Dersom nokon har sett ein kvit Mercedes Sprinter i området ved Handelshuset mellom klokka 01:00 og 05:00 natt til 1. mai, er vi interesserte i å komme i kontakt med dei, seier Tvinde til NRK.no.

Politiet har tidlegare stadfesta at tjuvane har komme seg inn i frisørsalongen Nikita, som ligg vegg i vegg med Bjørklund, før dei har slege hol i veggen inn til gullsmedforretningen.

Gjennom holet har dei fått direkte tilgang til ein av utstillingsmonterane - og slik har dei kunne forsyne seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tjuvar stikk av med store verdiar

BILETBEVIS: Politiet har sikra seg bilete av tjuvane frå overvakingskamera. No er dei interesserte i tips om ein kvit Mercedes Sprinter.

Foto: Overvakingskamera

Har sendt inn kriminaltekniske spor

I februar vart det stole millionverdiar frå ein gullsmedbutikk i Ørsta på Sunnmøre. Innbrotet var gjort på profesjonelt vis, og har vorte sett i samanheng med ei rekkje store tjuveri frå norske gullsmedar.

Like etter at innbrotet i Førde vart kjent, sende Sunnmøre politidistrikt ut melding på nettsamfunnet Twitter, der dei ber publikum vere ekstra observante når det gjeld tjuveri frå urmakar, gullsmed og optikar.

Dei kom med meldinga på bakgrunn av dei mange tjuveria, og ønskjer observasjonar på telefon 02800.

– Vi har sikra kriminaltekniske spor. Desse er sende inn til analyse. Vi jobbar no ut frå ein teori om at det er omreisande kriminelle som har vore på ferde, seier Tvinde til NRK.no.