Samferdsleministeren føreslår å løyve 1,5 milliardar kroner for å få ferdigstilt strenkningen Varpe bru - Otrøen - Smedalsosen over Filefjell.
Opning i 2017
I budsjettet for 2013 er det sett av midlar til førebuande arbeid. Det er førebels lagt opp til anleggsstart våren 2014 og opning for trafikk i 2017. Samferdsledepartementet vil komme tilbake til dette i statsbudsjettet for 2014, skriv samferdsledepartementet i ei pressemelding.
- LES OGSÅ:
Prosjektet omfattar bygging av om lag 20 kilometer ny veg, med om lag seks kilometer i tunnel. For å minske problema med snødrev skal vegen leggjast høgt i terrenget og med slake skråningar.
Fornøgd minister
– Vegen skal rett og slett bli vinteropen, seier ein sprudlande kommunalminister Liv Signe Navarsete. Vegen skal vere ein sikker veg mellom aust og vest, der næringslivet skal vere ganske trygge på å sleppe å stå timar i kø fordi vegen er stengd.
Navarsete seier at regjeringa har som mål å drive samanhengande utbygging. Difor er det naturleg at løyvingane kjem fortløpande.