Hopp til innhold

Så godt trivst elevane på skulen

Elevane ved dei vidaregåande skulane i Luster og Flora trivst best, medan elevane ved skulane i Stryn og Måløy scorar lågast på trivsel.

Sogndal, Hafstad og Dale vidaregåande skular

UNDERSØKING: Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjennomført ei omfattande undersøking blant elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Foto: NRK

Det kjem fram i ei omfattande undersøking om helse, miljø og trivsel hos 952 ungdomar i fylket.

Prosjektleiar John Roger Andersen er overraska over dei store skilnadene.

  • SJÅ RESULTATA FOR KVAR SKULE NEDST I SAKA.
John Roger Andersen

PROSJEKTLEIAR: John Roger Andersen er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi ser at når vi finsiktar ungdomane i høve til trivsel, så er det ganske store individuelle skilnader mellom skulane, seier han.

Jobbar med trivsel

Undersøkinga viser at 19 prosent av elevane i Stryn, og 29 prosent av elevane i Måløy, trivst veldig godt ved den vidaregåande skulen sin.

I Luster og Flora derimot, svarar over halvparten av elevane at dei trivst veldig godt.

– Det er veldig kjekt å høyre. Vi jobbar veldig mykje med trivsel, seier rektor Knut Clausen ved Flora vidaregåande skule.

Kvar tiande trivst ikkje

Ser ein undersøkinga under eitt, svarar 39 prosent at dei trivst veldig godt og åtte prosent at dei ikkje trivast særleg godt.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Totalt for alle skular i fylket

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

38,7

Likar meg ganske godt

51,2

Likar meg ikkje særleg godt

7,6

Likar meg ikkje i det heile

0,3

Ikkje svart

2,3

– Dette spørsmålet heng saman med korleis dei fagleg gjer det på skulen. Truleg også korleis dei har det sosialt på skulen, seier prosjektleiar Andersen.

I tillegg til dei 19 prosent som likar seg veldig godt, svarar kring 70 prosent av elevane ved Stryn vidaregåande skule at likar seg ganske godt. Resten seier at dei ikkje likar seg på skulen.

– Har det veldig godt

Kirsti Horne

REKTOR: Kirsti Horne.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det viktigaste for meg er at ein har veldig låg skår på dei som ikkje trivast på skulen, seier rektor Kirsti Horne ved Stryn vidaregåande skule.

– Kva trur du er årsaka til at Stryn scorar dårlegast på dei som trivst veldig godt?

– Eg trur ikkje årsaka er at dei har det trist og leitt på skulen i alle fall. Til meg gir dei inntrykk av at dei har det veldig godt og fint på skulen.

Øyrane vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

33,3

Likar meg ganske godt

56

Likar meg ikkje særleg godt

8,3

Ikkje svart

2,4

Mo vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

29,4

Likar meg ganske godt

58,8

Likar meg ikkje særleg godt

11,8

Jølster vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100

Likar meg veldig godt

50,0

Likar meg ganske godt

41,7

Likar meg ikkje særleg godt

8,3

Stryn vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

19,0

Likar meg ganske godt

69,0

Likar meg ikkje særleg godt

10,3

Ikkje svart

1,7

Eid vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

 39.0

Likar meg ganske godt

 51,9

Likar meg ikkje særleg godt

7,8

Ikkje svart

1,3

Firda vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

 47,4

Likar meg ganske godt

42,1

Likar meg ikkje særleg godt

7,4

 Likar meg ikkje heile teke

 1,1

Ikkje svart

2,1

Måløy vidaregåande skule

 

Prosent

Likar meg veldig godt

29,2

Likar meg ganske godt

61,3

Likar meg ikkje særleg godt

7,5

Ikkje svart

1,9

Total

100

Dale vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

40,5

Likar meg ganske godt

52,4

Likar meg ikkje særleg godt

7,1

Høyanger vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

36,6

Likar meg ganske godt

58,5

Likar meg ikkje særleg godt

4,9

Flora vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

52,1

Likar meg ganske godt

40,4

Likar meg ikkje særleg godt

7,4

Sogndal vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

41,7

Likar meg ganske godt

46,8

Likar meg ikkje særleg godt

8,6

Ikkje svart

2,9

Luster vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

53,3

Likar meg ganske godt

33,3

Likar meg ikkje særleg godt

13,3

Årdal vidaregåande skule

 

Prosent

Total

100,0

Likar meg veldig godt

47,5

Likar meg ganske godt

45,8

Likar meg ikkje særleg godt

5,1

Ikkje svart

1,7