Hopp til innhold

Her ligg vogntoget tungt i grøfta

Eit vogntog hamna i morgontimane i grøfta ved Svidal i Jølster. Ingen personar vart skadde i uhellet.

Vogntog i grøfta på Jølster

I GRØFTA: Eit vogntog hamna i morgontimane i grøfta ved Svidal i Jølster.

Foto: Privat

Politiet fekk melding om uhellet like over klokka 07. Vogntoget ligg på sida heilt utanfor vegbana og skal ikkje vere til hinder for trafikken på E39.

Bilbergar er på staden. Klokka 09:20 venta dei med to redningsbilar på å komme i gang med arbeidet.

– Vi ventar på meir utstyr. Dei treng mellom anna pukk å køyre på, før dei kan byrje å trekkje opp att vogntoget, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han reknar med at det kan gå eit par timar medan arbeidet står på. Då vil det vere mogleg å ta ein omkøyringsveg forbi staden.

– Vi prøver å ikkje hindre trafikken for mykje, seier Vereide.

– Akkurat no kostar dei vegen ettersom vegen er halvfull med gjørme og stein frå grøfta. Traileren ligg tungt nede i grøfta, fortel Bjørn Inge Solheim som køyrde forbi i 07.30-tida.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.