Hopp til innhold

Stogga alt for ung mopedist

Mopedføraren som måndag kveld vart stogga i Førde mangla ikkje berre hjelm. Han var også for ung til å køyre moped.

Den unge trafikanten vart stogga like før klokka 22. Guten i byrjinga av tenåra viste seg då å vere yngre enn dei 16 år som ein må vere for å ha mopedlappen.

Ifølgje politiet sin logg er foreldra informert, og det blir oppretta sak som det lokale lensmannskontoret skal følgje opp.