Hopp til innhold

Beslagla førarkort i 60-sona

Ein bilist vart fotgjengar då Utrykkingspolitiet i Nordfjord kontrollerte trafikken forbi Hjelle i Eid på måndag.

Bilisten vart målt til 96 kilometer i timen i 60-sona. I tillegg skreiv patruljen ut fire forenkla førelegg for høg fart, av desse vart den raskaste målt til 81 km/t.

Ein førar fekk også gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Fartskontroll vart det også halde i Jølster ut på kvelden. På E39 fekk ein førar forenkla førelegg få ha køyrt i 98 km/t i 80-sona ved Klakegg.

I Stryn gjennomførde ein politipatrulje farts- og åtferdskontroll på fylkesveg 60 i Olden, men det var ingenting å setje fingeren på hos dei 45 kontrollerte førarane.