Hopp til innhold

Eldre mann køyrde i elva - vart sitjande fast i bilen

Ein 78 år gamal mann sat ei stund fastklemd i ein bil som køyrde utfor riksveg 15 i Stryn. Mannen vert operert for moderate skader.

Bil i elva i Stryn

BIL I ELVA: Hjelpemannskapa er i gang med å få berga personen i bilen.

Foto: Roger Vik

Ulukka skjedde på Rise, nokre kilometer aust for Stryn sentrum. Politiet fekk melding om ulukka klokka 14.22.

Operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt fortel at det var éin person i bilen.

– Vedkomande sat fastklemd i bilen i ei elv under ei bru. Førebels veit vi ikkje noko om skadeomfanget til personen, seier han til NRK.no.

Naudetatane kom raskt fram til ulukkesstaden.

Siste 17.30: Mannen er 78 år gamal. Han har moderate skader og blir operert no, opplyser AMK.

Trafikkulukke på Rise i Stryn

BILEN TEKEN OPP: Bergingsmannskapa i ferd med å skjere laus den tilskadekomne.

Foto: Roger Vik

Trefte brukaret

Etter det NRK kjenner til har bilen kome køyrande på ei rett vegstrekning, men har kome utfor vegkanten og på utsida av autovernet og i elva, der den har treft brukaret.

Bilen er no heisa opp av elva, og den tilskadekomne er teken ut av bilen og henta av luftambulansen.

Det er også uklart kva som er årsaka til utforkøyringa.