Hopp til innhold

Her prøvde Knut Helge å sage seg igjennom

Eit jord og steinras stengjer Fylkesveg 55 mellom Vadheim og Høyanger.

Ras på fylkesveg 55 i Høyanger

STENGT: Fylkesveg 55 er stengd mellom Vadheim og Vadheimstunnelen.

Foto: Daniel Stave

Raset vart varsla like før klokka 11. Ifølgje Vegtrafikksentralen i Lærdal er det uvisst når vegen blir opna att.

Like over klokka 12 melder Statens vegvesen at det er passering og manuell dirigering på staden.

– Det skal ikkje vere veldig stort, men det er uvisst om vi må opp og sjå i terrenget, seier operatør Jan Erikstad.

Sperrar vegen

Daniel Stave var første bilist til staden. Sjølv såg han raset frå eit par hundre meters avstand. Han var på veg til Høyanger då då han såg raset sperre vegen. Ingen skal ha blitt treft i raset.

– Det er nokre meter breitt. Det er jord, stein og skog som har kome ned, seier han og fortel at han sjølv ikkje køyrde heilt fram til raset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras på fylkesveg 55 i Høyanger

STENGD: Det var jord, stein og tre som sperra fylkesveg 55 i Høyanger.

Foto: Knut Helge Sandvik

– Eg fann det best å køyre derifrå, så no står eg på tvers og sperrar vegen, legg han til.

Prøvde å sage

Knut Helge Sandvik

STOGGA: Knut Helge Sandvik tok saga fatt då han kom til raset.

Foto: Privat

Knut Helge Sandvik og Bjørnar Solvorn var på veg frå Høyanger til Bergen då dei vart stogga av raset. Sandvik meiner raset er i underkant av ti meter.

– Vi skulle nå ei ferje, og sidan eg driv ein del med vegsaging, hadde eg ei sag liggande i bilen. Eg var bort og prøvde å sage i treet, men det var ikkje så mykje hjelp i. Det var så mykje gjørme at vi berre måtte gje oss, seier han til NRK.no.

Han fortel at 10-15 bilar no har søkt tilflukt i Vadheimstunnelen.

Har starta ryddearbeidet

Erikstad ved Statens vegvesen fortel i 12-tida at mannskap er i ferd med å rydde.

– Det er ei bratt skråning. No ryddar dei på staden, og ein må rydde litt som ligg på kanten der også. Så det kan ta noko tid framleis før vi opnar att, seier han.