Hopp til innhold

Når denne kjem, stengjer vegen

Politi, Statens vegvesen, kranbilar og spesialtransport må til når ein nederlandsk kanalbåt i dag får ny heim – på Lovatnet. Vegen vil også bli stengd ein kort periode.

Politi, Statens vegvesen, kranbilar og spesialtransport må til når ein nederlandsk kanalbåt får ny heim på Lovatnet.

VIDEO: Den nederlandske kanalbåten er bygd i 1996 og skal i sommar avløyse MB Kjendal som passasjerbåt på Lovatnet.

Det blir nok ikkje like spektakulært som transformatoren som nyleg vart frakta på E39, men spektakulært blir det når kanalbåten frå Nederland blir frakta frå Loen til Lovatnet.

Det er sambuarparet Jan Ove Hogrenning og Ingvill Tronrud som står bak båtkjøpet med ei låneramme på 2,9 millionar kroner.

– Det skal bli interessant, seier Hogrenning om transporten som i dag vil gå på fylkesveg 723 til Lovatnet.

Dobbelt så stor

Båten har ligge i småbåthamna ved Hotel Alexandra dei siste vekene og skal i sommar ta over passasjertrafikken på Lovatnet frå 40 år eldre MB "Kjendal".

Sistnemnde er bygd i 1956, og har plass til 49 passasjerar. Den blir for liten og har for lite fart til å tilfredsstille cruisebåtgruppene. Dermed kjem dobbelt så store «Kjenndal II».

Persontrafikken har stupt siste åra, og Hogrenning, som saman med sambuaren tok over kaffien i 2007, har tidlegare sagt at investeringa var eit vere eller ikkje vere for turistsatsinga.

Fann på nettet

– Båten fann vi gjennom nitid undersøking på nettet. Det som er viktig for oss, er djupna for båten, forklarer Hogrenning. Det er grunt vatn i sundet ved Rampefjellet og kaiene.

Nederlandsk kanalbåt til Lovatnet.

KOMFORT: Båten tek kring 100 passasjerar, av desse vil 65–70 kunne nyte naturen frå taket på godversdagar.

Foto: Birger Meland / NRK

Løysinga vart altså ein båt det berre er ein tilsvarande av i Norge. «Kjenndal II» er 24 meter lang, kan ta 100 personar.

På godversdagar kan 65–70 av desse nyte naturen frå taket av kanalbåten.

Sjøvegen til Måløy

– Den gjekk på spesialtransport gjennom Nederland til Cargo-kaien i Amsterdam. Derifrå er den køyrt på bil til Bergen, og etter å ha søkt om dispensasjon segla den til Måløy, fortel Hogrenning.

I Vågsøy fekk båten installert brannanlegg og sertifisert det elektriske anlegget. Deretter gjekk turen vidare til Loen.

Vart borda av Kystvakta

Undervegs frå Bergen til Måløy fekk det noko uvande synet i skipstrafikken langs norskekysten, besøk frå Kystvakta.

Båten gjekk under nederlandske flagg og var registrert i Nederland.

– Det er ikkje kvardags å møte ein kanalbåt på kysten utanfor Florø, så vi fekk Kystvakta på ein liten rutineinspeksjon. Men var sjølvsagt ikkje noko problem, avsluttar Hogrenning.