Hopp til innhold

Vart kalla Judas i Sogndal-returen

Stephane Diarra Badji (22) fekk ikkje noko god retur til Fosshaugane og Sogndal.

Stephane Diarra Badji

ARKIV: Stephane Diara Badji, her i aksjon mot Odd Grenland, gjorde ingen stor kamp då han returnerte til Fosshaugane som Brann-spelar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Den tidlegare Sogndal-midtbanespelaren vart både møtt med buing og kalla Judas i oppgjeret der nyeklubben hans, Brann, tapte 3-1 for heimelaget .

– Det er ikkje noko problem for meg og eg veit ikkje kvifor dei gjorde dette. Men eg konsentrerte meg om kampen, seier Stephane Diarra Badji til NRK.no etter kampen.

Eiga utvikling

Badji og bergenslaget kom til Sogndal som favorittar, men kom kraftig ned att på jorda. Etter kampen tok ikkje velkomsten særleg mykje av kreftene til senegalesaren.

Allereie tidleg i vinter varsla Badji at han ynskte seg til Brann. Ein overgang verdt kring sju millionar kroner realiserte ynskjet like før seriestart.

– Eg er ein fotballspelar og ynskte meg vidare med tanke på eiga karriere. Eg spelar for ein klubb for å utvikle meg sjølv, seier Badji til NRK.no.

– Gratulerer Sogndal

– Men det var godt å komme tilbake til Sogndal, og eg kjem gjerne attende for å spele mot Sogndal, legg han til.

Badji sin 24. og siste seriekamp med Sogndal var ironisk nok nettopp mot Brann, då Sogndal vann 2-0 i serieavslutninga i fjor.

– Eg gjorde ikkje noko god første omgang, men Sogndal spelte bra. Eg vil gratulere klubben og spelarane med sigeren, avsluttar han.