Hopp til innhold

Kongen av Fosshaugane

Azar Karadas stod fremst i krigen då Sogndal trengte det som mest. Eidaren var hærføraren då sogningane vann 3-1 mot erkerival Brann.

Sogndal - Brann

KONGEN: Azar Karadas scora det første målet for Sogndal søndag kveld, og sette standarden for resten av kampen.

Foto: NRK

Han var høgst i luftduellane. Han var tøffast i nærkampane. Og han var god med ball langs bakken.

Azar Karadas var sjefen på Fosshaugane Campus søndag kveld då Sogndal leverte sesongbeste og vann 3-1 i vestlandsderbyet mot Brann.

Intervju med Azar Karadas

Azar Karadaz vart kongen av Fosshaugane søndag.

Gode, gamle Karadas

- Dette er min beste kamp for Sogndal, sa ein glad Karadas etter at han hadde gått av bana til trampeklapp frå publikum.

Dei 4000 på tribunane hadde då sett ein Sogndal-spiss av god, gamal klasse, som stanga inn det viktige 1-0-målet halvveges ut i fyrste omgang.

- Det kjennest ut som om mange trur at eg er bikka 40 år, men eg er berre 31 og skal vera i mine beste år som fotballspelar, påpeikte Karadas.

Trener Sogndal

Trener Sogndal Jonas Olsson er nøgd.

Frå start for fyrste gong

Eidaren spelte frå start for fyrste gong i serien i år og blei den vitamininnsprøytinga som Sogndal trengde.

Etter kampen stilte mange seg spørsmål om kvifor han ikkje hadde fått meir speletid tidlegare i sesongen.

Sjølv svara Karadas diplomatisk.

- Det er ikkje opp til meg å ta ut laget. Eg kom seint inn i spelargruppa før sesongen og var litt dårleg trena.Eg har difor jobba hardt med det fysiske. Den eine omgangen mot Viking viste at forma er bra, og i dag såg me resultatet. Eg har ein motor å støtta meg på, sjølv langt ut i kampen.

Brann-trenar int.

Trenar for Brann Rune Skarsfjord er ikkje nøgd med kampen på Fosshaugane.

- Eit unikum

- Azar er eit unikum. Han har vore viktig sjølv om han ikkje har spelt.

Han bidreg kvar dag ved å setja standard for dei unge spelarane, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Om Karadas kunne ha tilført Sogndal meir vitalitet tidlegare i sesongen, avviser Olsson som ei hypotetisk problemstilling.

- Dei som har spelt i dei fyrste kampane, har fortent det. Denne kampen er litt spesielt, også for Azar, i og med at han har ei historie i klubben. Han har brukt oppkøyringa og dei fyrste kampane til å koma seg i form. Difor har me vore varsame med han, slik at han ikkje skulle skada seg. Men no er han i så god fysisk form, at han orkar å stå ein heil kamp.

Ville til Brann

Før sesongen ønskte Karadas seg til nettopp Brann. Men bergensklubben ville ikkje ha tilbake den gamle helten. Dermed blei det endå ein sesong i Sogndal.

- Det er historie no. Eg hadde samtalar med dei og trena med dei i fjor sommar. No er eg veldig glad for at Sogndal gav meg sjansen, seier Karadas.

At eidaren, som har vore to periodar i Brann, framleis står på godfot med bergensklubben, var tydeleg etter kampen.

Han delte ut mange klemmar og handtrykk til spelarane og støtteapparatet.

Og dagen før kampen besøkte han dei gamle lagkameratane på spelarhotellet. Om han er open for ein retur til Brann om dei igjen vil ha han, svarar Karadas slik:

- Eg har kontrakt med Sogndal, og det er det som betyr noko no.