Hopp til innhold

Fekk bestemannsprisen i NM

Målet var norgesrekord for Jantsen Øverås, men den glapp. Då var det heilt greitt å få bestemannsprisen i Norgescupen.

Jantsen Øverås

BESTE MANN: Jantsen Øverås frå Tambarskjelvar IL fekk bestemannsprisen for innsatsen sin i Norgecupen i Stavanger.

Foto: Ola Bergheim

- Vi satsa veldig stort, og det gjekk greitt. Men eg er ikkje heilt nøgd, seier Jantsen Øverås frå Tambarskjelvar idrettslag etter å ha løfta i NM junior i andre omgang i Norgescupen i Stavanger.

Var nære

Målet var å ta norgesrekord med 110 i rykk og 137 i støt, men det klarte han ikkje.

Men Øverås vann 69 kilos klassa med 105 kilo i rykk og 135 kilo i støt, det er pers med 5 kilo. Samanlagt vart det 240 kg og 330,86 poeng,

- Det er surt å tenkje på at eg var så nære, men det var nok til bestemannsprisen. Og det var kjekt.

Beste mann
Gunnar Reiakvam

NØGD: Trenar Gunnar Reiakvam var nøgd med innsatsen til Tambarskjelvar IL.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

For sjølv om han ikkje klarte å nå sitt eige mål, fekk han bestemannsprisen i NM.

- Det var den som stod i hovudet mitt då eg såg at rekorden ikkje gjekk.

Han løfta tidleg på dagen laurdag, og måtte sitje på tribuna og sjå dei andre løfte før resultatet vart klart.

- Det var nervepirrande.

Klar for EM

No skal han til EM i Tallin i Estland, i september.

- Eg var i EM i Israel i desember i fjor, så no har eg den erfaringa. No vil eg prøve å vere meir konkurransedyktig enn eg var då.

Det betyr at han må legge seg i hardtrening dei komande månadane.

- Eg veit at eg kan konkurrere med dei beste, og ikkje berre vere listefyll.

Vil til OL

Draumen er å stå på scena i OL og representere Norge.

- Det er fire 2016 eller 2020. Det første kan vere litt utfordrande, men 2020 meir realistisk, seier han.

No er det treningsfri den komande veka, etter det byrjar opptreninga til EM i september.

- Då får eg nokre månader på meg til å gjere skikkeleg.

Nøgd trenar

Vebjørn Varlid

COMEBACK: Vebjørn Varlid gjorde comback i norsk vektlyfting på landsplan etter meir enn eitt års skadeavbrot.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det var fleire enn Øverås som smilte etter helga. Trenaren var godt nøgd.

- Eg er godt nøgd med innsatsen til Jantsen i helga, seier trenaren hans Gunnar Reiakvam.

Han ligg heilt opp til dei norske rekordane, og dette er kjempebra.

- Ting må ligge til rette med utdanning, økonomi og eit godt opplegg for at det skal gå. Men Jantsen har guts, og han vil nå langt, seier trenaren.

Gull til Gjøringbø

Tore Gjøringbø og Evald Osnes Devik, frå Tambarskjelvar, var også med i Norgescupen.

Og trenar Reikvam meiner idrettslagets menn gjorde ein god jobb i Stavanger.

- Vi løfta bra, og det ser bra ut for vidare satsing. Med slike løftarar er det kjekt å vere trenar, seier han.

Tore Gjøringbø vann gull i 94 kilos klassa, med resultatet 110 kilo i rykk og 152 kilo støt, støtresultatet hans er ny pers med 1 kilo.

Osnes Devik hadde 88 kilo i rykk, men var uheldig og rauk ut på startvekta 112 kilo i støt øvinga.

Varlid med comeback

I samband med NM Junior gjekk også 2. omgang av cupen.

Her gjorde Vebjørn Varlid comback i norsk vektlyfting på landsplan etter meir enn eitt års skadeavbrot.

Han fekk alle lyfta godkjende, og utan å yte maks enda det med 145kilo i rykk og 175 kilo i støt. Dette er langt frå persane hans, men med ein skadefri kropp er det mange fleire kilo å hente.

Målet er å kvalifisere seg til EM U -23 som går i lag med EM Junior i september.

Andre deltakarar frå fylket i cupen var Marit Årdalsbakke, Sandra Trædal og Sindre Rørstadbotnen.