Hopp til innhold

Ordførar tok utfordring - frykta han ikkje skulle nå fram til hoppet..

Tanken på eit luftig svev ut i Jølstravatnet skremde ikkje ordførar Oddmund Klakegg. Han var mest redd for å ikkje kome seg fram til hoppkanten i det heile...

Ordførar Oddmund Klakegg i Jølster var ikkje vond å be når han vart beden om å hoppe i Jølstravatnet. Det var før han visste at det var med ski på beina, utfor eit fleire meter høgt hopp...

SJÅ VIDEO: Lenge var han usikker på om dette skulle gå bra... (FOTO/REDIGERING: Torje Bjellaas).

Den spreke ordføraren var ikkje vond å be då han fredag fekk utfordringa frå Jølster Friluftsfestival. Men då visste han knapt kva han gjekk til.

– Eg vart spurt om å stille opp og hoppe i Jølstravatnet, og eg tenkte ikkje så mykje meir på det. Men så viste det seg at eg skulle hoppe på ski, og det utfor eit to-tre meter høgt hopp, seier ordføraren lattermild.

Men har ein sagt ja, så har ein sagt ja. Og dermed vart det hopping på ordføraren. Sjølv om det vart med ordførarjobben som innsats.

– Folk har jo gjort det før

Den våte opplevinga er ein del av Jølster friluftsfestival, ein festival som i år blir arrangert for første gong. Fjellturar, føredrag, filmframsyning, rafting, klatring og paintball er berre noko av det som har stått på programmet.

Laurdag var det duka for skihopping på Jølstravatnet, og det var her ordføraren måtte vise kva han var god for.

Det var laga til ein liten hoppbakke med snø over bøen, og bygd eit fleire meter høgt hopp ut i vatnet. For å sikre at det var god gli spruta ein like godt litt Zalo på hoppkanten.

– Eg var ikkje så veldig førebudd, men det er jo folk som har gjort dette før, flirer Oddmund Klakegg når han skal fortelje om korleis det gjekk.

– Eg rekna med det skulle gå bra med meg også. Om ikkje måtte innbyggjarane ha funne seg ny ordførar, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ordførar Oddmund Klakegg før han set utfor hoppbakken

SPENT: Han visste ikkje heilt kva han gjekk til då han sa ja, men ordføraren i Jølster sette likevel utfor hoppbakken.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Fleire meter opp i lufta

Hoppkanten fekk litt zalo som smurning

ZALO: Med litt Zalo på hoppkanten var deltakarane sikra ein luftig tur over hoppkanten.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Han har ski på beina kvar vinter, men hadde bytta ut skidressen med våtdrakt, hjelm og redningsvest for anledninga. På toppen av den vesle skibakken kom nervane.

– Eg var mest redd for at eg ikkje skulle kome ned til hoppet. Løypa nedover bøen var smal, så eg var veldig konsentrert på å treffe sporet ned til hoppet, seier ordføraren lattermild.

Men med fullt fokus og nervar av stål trefte han hoppet og fekk til eit bra luftig svev ut det iskalde Jølstravatnet.

– Eg trefte, og det vart sikkert fleire meter opp i lufta, gliser han.

– Fekk du lyst til å gjere det fleire gonger?

– He-he, ja, det var veldig moro. Og det slo meg at eg burde jo gjere dette fleire gonger, ler han.

Og meir hopping blir det truleg. Men kanskje ikkje før neste år.

– Eg vart utfordra på at eg neste år skal ta salto. Så då har eg noko grue meg til, eller trene på, til neste år, seier ordføraren og fortel om ei kald oppleving då han landa i vatnet som kanskje held eit par plussgrader.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ordførar Oddmund Klakegg fekk ein luftig svevetur ut i det par grader varme Jølstravatnet

ISKALDT: Ordførar Oddmund Klakegg trur ikkje temperaturen i Jølstravatnet kan ha vore på meir enn eit par plussgrader.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Imponerande program

Ordføraren er svært imponert over det eldsjelene bak Jølster friluftsfestival har fått til og seier programmet er imponerande.

– Vi har jo alle typar natur til omtrent alle dei aktivitetane ein kan tenkje seg kring friluftsliv, så Jølster må vere ei ideell bygd å arrangere noko slikt i, seier Klakegg.

Han meiner arrangementet er svært viktig for kommunen, og er full av lovord om dei frivillige som står bak.

– Eldsjeler er vi heilt avhengige av i ein så liten kommune. Det å våge å setje i gang med noko slikt er veldig tøft gjort, seier han.

Skal heim å øve

Sidan han alt har teke utfordringa om å sette utfor bakken og imponere med ein salto neste år, må han no heim å øve.

– Eg har ei dotter på åtte år som føreslo at eg skulle trene meg på trampolina.

– Så det spørst om det blir det eg skal gjere på i sommar, humrar han.

Hoppbakken under Jølster friluftsfestival

SETTE UTFOR: Mange tok sjansen og sette utfor den vesle hoppbakken ved Sægrov i Kjøsnesfjorden laurdag ettermiddag.

Foto: Torje Bjellaas / NRK