Hopp til innhold

Skuffa over sidemålsvedtaket

Høgre sitt landsmøte gjekk i dag inn for å avvikle karakterar og eksamen i sidemål, både på vidaregåande og på ungdomsskulen. Delegasjonen frå Sogn og Fjordane er skuffa, og lovar å kjempe vidare for nynorsken.

Noralv Distad om nynorsk

SKUFFA: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Noralv Distad, er skuffa over landsmøte sitt vedtak om å fjerne eksamen og karakter i sidemål.

Foto: Montasje: Ingvar Torsvik Myrvollen/NRK

Fylkesgruppeleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Noralv Distad, vedgår at han er skuffa over at vedtaket. Fleire av delegatane frå fylket held innlegg der dei klart gav uttrykk for at ein burde halde på dagens ordning.

– Vi meiner det rette når ein skal satse på norskfaget generelt, er at ein då sikrar begge dei to skriftspråka. Men dette fekk vi ikkje gjennomslag for, seier Distad til NRK.no.

Bruk tekster både på bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom hele skoleløpet. Avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål i den videregående skolen og i ungdomsskolen.

Høgre sitt vedtak om sidemål

Meiner det opnar for visse moglegheiter

Allereie før landsmøte varsla Høgrepolitikarar frå heile Vestlandet at dei vil kjempe for nynorsken.

Sjølv om delegasjonen frå Sogn og Fjordane altså ikkje nådde fram med at ein skal ha skriftleg sidemål som ein obligatorisk del av grunnskulen med eksamen og karakter, ser han ikkje heilsvart på det vedtaket som no er gjort.

Distad meiner vedtaket opnar opp for visse moglegheiter.

– Vedtaket understrekar at det skal vere tidleg oppstart når det gjeld opplæring i både bokmål og nynorsk.

– Vi fekk ikkje fleirtal for at det skal vere obligatorisk, men programmet seier heller ikkje noko om at det skal vere valfritt, seier fylkesgruppeleiaren i Sogn og Fjordane.

Vil kjempe vidare for nynorsken

For dei fleste er sidemål det same som nynorsk, og trass nederlaget på landsmøte i dag lovar Distad at dei slett ikkje går heim og gir opp.

– Frå Sogn og Fjordane si side vil arbeide vidare for å sikre norskfaget og nynorsken sine interesser innanfor det vedtaket som er gjort.

– Det blir ikkje slik no at vi går heim og seier at det ikkje er noko meir vi kan gjere. Tvert om. Vi ser moglegheiter, poengterer han igjen.

Kor enkelt det arbeidet blir kan ein sjølvsagt diskutere.

– Vi meiner at nynorsken i utgangspunktet har ein bra status. Den er godt rotfesta og toler ein smule motgang.

– Når den praktiske politikken skal utformast, så skal vi jobbe for at ein i størst mogleg grad tek omsyn til begge skriftspråka sine interesser, lovar Distad.