Hopp til innhold

Her sklei bussen ut av vegbana -

Skuleruta som var på veg mellom Askvoll og Førde, sklei regelrett av vegen like ved Kvammen. Fleire av passasjerane hadde i dag valt å ta buss grunna føret. Men akkurat i dag hjelpte det så lite.

Bussen sklei av vegen

GLATT OG SLEIPT: Bussen fekk ikkje veggrep på det glatte føret, og måtte til slutt leggje på kjettingar.

Foto: Sara Osland

– Det var mykje snø og snøa tett. Bussen var presis då eg steig på i Flokeneset 07.15. Så skulle vi inn til Kvammen, og då må vi av frå hovudvegen og køyre gamlevegen eit stykke, fortel ein av passasjerane, Greta Solvik.

Då bussen skulle inn att på vegen til høgre, var det dårleg brøytt i krysset.

– Det er eit litt ekkelt kryss. Farten vart lågare og lågare, og til slutt så stod bussen der og kom seg ikkje laus att, fortel Solvik.

Ville ut av bussen

– Bussen sklei vidare litt ut på kanten, og då sa vi at vi ville ut av bussen, fortel Solvik, og ler.

Ho understrekar at ho ikkje var redd under hendinga, men at ho gjerne ville ut av bussen.

– Nei, farten var så låg at eg var ikkje redd, men eg ville ikkje sitje inne i bussen medan han dreiv på, seier Solvik.

Fekk komme inn i butikken

Medan buss-sjåføren tok til med det mødesame arbeidet det er å leggje på kjettingar, tok fleire av passasjerane seg ein avstikkar opp til butikken i Kvammen.

– Der kom Ole på butikken og låste opp slik at vi fekk stå inne og vente på bussen. Det var utruleg kjekt av han, seier Solvik.

Ho meiner det tok om lag ein time før bussen var på vegen att.

– Eg skulle ha vore i Førde 08.05, no vert ho nærare 09.20, seier Solvik.

Dermed vart det ei noko lengre tur til jobb enn det Solvik pleier å ha.

– Ja, eg tek til å bli svolten, ler Solvik.

Droppa eigen bil grunna føret

Ho valde buss i dag fordi ho sjølv har lagt om til sommardekk på sin eigen bil.

– Nei, å køyre med sommardekk i dag var ikkje eit alternativ. Elles brukar eg å ta bussen dersom føret er ekkelt uansett, seier Solvik.

Ho fortel at ho tykte synd på sjåføren som fekk så mykje arbeid på det dårlege føret.

– Det som skjedde trur eg ikkje han kan lastast for. Det var frykteleg mykje snø og dårleg brøytt. Han gjorde det han kunne. Han har nok svetta, trur eg, seier Solvik.

Medan Solvik sat på bussen innover på fylkesveg 609 såg ho mange bilistar som hadde problem i snøføyka.

– Ja, vi såg fleire bilar som stod fast og ikkje kom av flekken, så det har vore vanskeleg for mange i dag, seier Solvik.

Ho trur det er dårleg å køyre strekninga til og med med vinterdekk.

– Ja, det er mykje snø. Det har det i grunn vore heile veka, seier Solvik.