Hopp til innhold

Gjennom dette holet har tjuvane teke seg inn i gullsmedbutikken

Tjuvane som har stole for mange hundretusen kroner frå gullsmedbutikken Bjørklund i Handelshuset i Førde, har komme seg inn gjennom dette holet i veggen.

Innbrot hos gullsmed

SLO HOL: Tjuvane fekk tilgang gjennom eit hol dei laga i veggen mellom dei to butikkane. Politibetjent Jan Bjarte Skrøppa gjer åstadsundersøkingar.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Politibetjent Jan Bjarte Skrøppa bekreftar at tjuvane har komme seg inn i frisørsalongen Nikita, som ligg vegg i vegg med Bjørklund, før dei har slege hol i veggen inn til gullsmedforretningen.

Gjennom holet har dei fått direkte tilgang til ein av utstillingsmonterane og slik har dei kunne forsyne seg.

– Det er ting som tyder på at tjuvane kan ha teke seg inn allereie onsdag ettermiddag, og at dei har gøymt seg i bygningen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

Innbrotet skal ha skjedd natt til 1. mai.

Sikrar spor

Politiet driv no etterforsking i Nikita på Handelshuset.

– Vi gjennomfører naudsynt arbeid på åstaden for å sikre oss spor, seier Skrøppa til NRK.

– Kva er det konkret som vert gjort?

– Det kan eg ikkje gå i detalj på, men det handlar om sikring av spor, seier Skrøppa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbrot hos Bjørklund i Førde

GJENNOM HER: Gjennom dette holet fekk tjuvane stole store mengder gull frå Bjørklund i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Slått hol i veggen

Innbrotet vart først oppdaga då dei første kom på jobb på Handelshuset torsdag morgon. Skrøppa bekreftar at tjuvane har teke seg fram til smykkehyllene på Bjørklund ved å slå hol i veggen frå Nikita som ligg vegg i vegg.

– Vi kan ikkje utelukke at det er teke vekk noko frå Nikita også. Dei har romstert litt her inne også.

Klokka 11.30 sa Skrøppa at han rekna med dei kom til å drive åstadsundersøkingar i minst eit par timar til.

Har sikra biletbevis

Ifølgje operasjonsleiar, Einar Vereide, har politet no sikra biletbevis frå overvakingskamera, der ein eller fleire gjerningspersonar er komme med på opptaket.

Gjerningsmennene skal ha teke seg inn i gullsmedlokalet natt til 1. mai, og politiet set tjuveriet i samband med melding om ruteknusing torsdag kveld.

Han vil dei ikkje seie noko om kvifor politiet set desse to hendingane i samanheng.

– Vi set tjuveriet i samband med melding om ruteknusing onsdag, der dei har teke seg inn i Handelshuset, vidare inn i ein frisørsalong som ligg vegg i vegg med gullsmeden. Deretter har dei teke seg inn gjennom veggen inn til gullsmeden.

Vereide kan førebels ikkje seie meir om kva konkrete verdiar som er tapt.

– Førebels har vi ikkje fått noko anna enn eit grovt anslag, så detaljane må vi komme tilbake med når vi har fått oversikt, seier han.

Innbrot hos Bjørklund i Førde

SPERRA AV: Politiet driv no åstadsgransking ved Nikita og Bjørklund på Handelshuset i Førde etter at gull til verdi av fleire hundretusen vart stole frå gullsmeden.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK