NRK.no har fått stadfesta frå Kommunaldepartementet at Navarsete er 50 prosent sjukemeldt.
Årsaka er trafikkuhellet i påska, der kommunalministeren køyrde i ein bil bakfrå og deretter utfor vegen i heimbygda Lærdal. Bilen hamna på plena til Franz Henriksen etter å ha køyrt ned gjerdet og postkassa hans.
I følgje statssekretær Erlend Fuglum, skjedde uhellet då ein bil framfor Navarsete brått bremsa ned og Navarsete ikkje rakk å stogge.
- LES OGSÅ:
Plaga av hovudverk
Som følgje av ulukka fekk ho ein hjernerystelse ho har vore plaga av i ettertid, mellom anna hovudverk, fortel Erlend Fuglum, statssekretær i kommunal- og regionaldepartementet.
Må prioritere
Navarsete kjem til å prioritere dei viktigaste sakene medan ho er sjukemeldt. Forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett, kommuneproposisjon og som partileiar i Senterpartiet kjem ho til å ha fokus på diskusjonane rundt førebuingane til jordbruksoppgjeret, seier Fuglum.
– Vi har fleire som får delegert oppgåver, så dette kjem til å gå bra, seier Fuglum.