Hopp til innhold

Trur utlendingar får byggje tunnel

Det blir utanlandske entreprenørar som skal stå for bygginga av Stad skipstunnel. Det trur Selje-ordførar Ottar Nygård som sjølv har lang fartstid i Vegvesenet.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

VERDAS FØRSTE: Skipstunnelen som skal byggjast mellom Moldefjorden og Kjødefjorden på Stad blir den første av sitt slag i verda.

Foto: NORDWEST3D

For ein månad sidan kom nyhenda som mange har venta på, regjeringa lovar ein milliard kroner til bygging av Stad skipstunnel. Ein tunnel som gjer at båtar og skip trygt kan ta seg forbi Stad.

Ottar Nygård

VANSKELEG: Ottar Nygård trur norske entreprenørar vil slite i konkurransen mot utanlandske for å få byggje Stad skipstunnel.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Skipstunnelen vil bli den første av sitt slag i verda, og arbeidet som må leggjast ned blir både utfordrande og spennande. Og det blir ikkje norske selskap som får den oppgåva, det trur iallfall ikkje ordføraren i Selje.

– Eg trur dei norske entreprenørane verkeleg skal få slite om dei skal klare konkurrere ut utlendingane om å få byggje Stad skipstunnel, seier Nygård til Fjordenes Tidende.

Han viser til at dei utanlandske entreprenørane er svært proffe og at dei kan tilby heilt andre prisar enn dei norske.

Trur det dryp på lokalsamfunnet likevel

Han viser også til tal som syner at utanlandske entreprenørar i 2012 vann 12 av 21 kontraktar på over 100 millionar kroner i Statens vegvesen. Tilsvarande tal for 2009 var ei av 26 kontraktar, skriv avisa.

Den vel 1800 meter lange tunnelen er kostnadsrekna til 1,5 milliard kroner, og skal gå gjennom Mannseidet frå Moldefjorden til Kjødefjorden. Arbeidet vil truleg ta i overkant av fire år. Om det så skulle bli utanlandske entreprenørar som skal stå for sjølve bygginga, vil det uansett drype litt på lokalsamfunnet, trur Nygård.

– Dette er trass alt eit prosjekt som vil gå i 4-4,5 år, så det vil drype mykje på lokalsamfunnet likevel, om ikkje på sjølve anleggsbiten, seier ordføraren til Fjordenes Tidende.

Spår svært tøff konkurranse

Til NRK.no seier ordføraren at det truleg vil bli mange som melder si interesse og vil vise at dei har dei kan byggje nettopp denne tunnelen.

– Dette vil jo vere eit signalanlegg, der ein vil få ei stjerne på brystet om ein kan skilte med at ein har bygd Stad skipstunnel.

– Eg trur det blir mange om beinet og ein knalltøff konkurranse, seier Nygård til NRK.no.